Statsborgar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein statsborgar er ein person som har fulle rettar og plikter til å bu, delta og nytta tenestene i ein stat. Omgrepet kjem frå dei tidlegare borgarane i ein by eller bystat.

Nokre land let ein ha statsborgarskap i fleire land, andre tillet berre eitt statsborgarskap. Noreg er blant dei sistnemnde. Dette og anna som gjeld norsk statsborgarskap er fastsett i statsborgarloven.

Rett til statsborgarskap[endre | endre wikiteksten]

Korleis ein kan oppnå statsborgarskap varierer òg mellom ulike land. Somme er opne for innvandring og gjev det til alle som har budd der lovleg i ei viss tid og ønskjer det. Andre kan nekta statsborgarskap til personar som har budd i landet i generasjonar, fordi dei ikkje har den rette etnisiteten.

Det finst to hovudtradisjonar for kven som har rett til statsborgarskap. Ius sanguinis, rett ved blod eller nedstammingsprinsippet, bygger på statsborgarskapet til foreldrea. Dette er vanlegast i germanske rettstradisjonar. Ius soli, rett ved jord eller territorialprinsippet, bygger på kvar ein er fødd. Dette har vore vanleg i latinske og angelsaksiske rettstradisjonar.

Rettar og plikter[endre | endre wikiteksten]

Å vera statsborgar i ein stat fører med seg visse rettar, som retten til å ha eit pass, røysta og stilla til val, og til å nytta utdannings-, helse- og trygdesystemet til staten dersom han har dette. For å ha visse stillingar, som regel for staten, må ein ha statsborgarskap. Samstundes fører det med seg visse plikter, til dømes å røysta eller å utføra verneplikt.