Symbiose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frankenia-strålesoppane lever i symbiose med vertplanten.

Symbiose (av gresk sym, 'saman' og bios, 'liv') er samliv mellom ulike artar. Samlivet kan gå føre seg mellom plantar, dyr, bakterier eller sopp, eller mellom desse gruppene innbyrdes. Den aktive partnaren i samlivet vert kalla symbionten, medan den passive partnaren vert kalla verten. Desse termane vart introduserte av den tyske plantepatologen Anton de Bary i midten av attenhundretalet.

Omgrepet blir også brukt i overført tyding om tilhøve mellom menneske eller institusjonar der begge har ein fordel av eit samliv eller samarbeid.

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Anton de Barys originale definisjon seier at I ein symbiose er det snakk om eit tett eller intimt samliv mellem to organismer, normalt av forskjellig art. Samlivet skal vidare foregå over ei lengre periode, det skal altså vera konstant.

Få år etter denne definisjonen hadde ein annan, ny symbiosedefinisjon vakse fram og vunne tilhengarar. Her vert berre tilhøve kor samlivet er til fordel for begge partar rekna som symbiotiske. Andre former for samliv vert rekna som «falske symbiosar». Om ein følgjer denne definisjonen kan det likevel i praksis vera vanskeleg å skilja mellom ekte symbiose og artar som gjensidig snyltar på kvarandre.

Ulike former for symbiose[endre | endre wikiteksten]

Krepsdyret Lernaeenicus sprattae lever i augabrisling og er ein parasitt.

Mutualisme er samliv mellom ulike organismar, kor begge får eit positivt utbytte av tilhøvet. Døme på dette er t.d. maur som passar på bladlus og til gjengjeld får sukker av desse, eller for den saks skuld tilhøvet mellom menneske og hund. Mellom dei mest ekstreme døma på dette kan me nemna lav, kor sopp og alger dannar felles vekst, eller ymse korallar som har innlemma fotosyntetiserande algar i kroppen sin.

Kommensialisme er samliv som er til fordel for den eine parten og nøytralt for den andre. Døme på dette kan t.d. vera åtseletarar, som ventar til predatoren har ete ferdig sin del av byttet før dei et av det, eller epifyttar, som er plantar som veks på andre plantar utan å skade dei.

Parasittisme er samliv som er til fordel for den eine parten og til ulempe for den andre. Ein skil ofte mellom endoparasittar, som lever inni ein organisme, og ektoparasittar, som lever på utsida. Døme på ektoparasittar kan vera t.d. flått, mygg og igler, medan døme på endoparasittar kan vera m.a. bendelorm. Ein tredje form for parasittar er epiparasittane, som lever på andre parasittar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]