Turlough

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turlough ved Carran i County Clare på Irland. Vassnivået var høgt etter ein periode med regn.

Ein turlough eller turlach er ein unik type periodisk innsjø som forsvinn og dukkar opp att og som ein berre finn i kalksteinsområdeIrland, hovudsakleg vest for elva Shannon. Ein meiner at namnet kjem av det irske tuar loch, som tyder «tørr innsjø». Ein finn innsjøane i karstområde på Irland. Dei er òg til stor interesse for forskarar. Geomorfologar er interessert i korleis turloughar vert danna, hydrologar prøver å forklare kva som fyller innsjøane, medan botanikarar studerer den uvanlege vegetasjon på botn av innsjøane og zoologar studerer dyrelivet ein finn nær dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]