Æsop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Æsop

Hellenistisk byste som skal framstilla Æsop
Fødd 620 f.Kr.
Mesembria (Pontus)
Død

564 f.Kr.
Delfí

Yrke fabulist, mytograf, filosof, skribent
Æsop på Commons

Æsop, på norsk òg skrive Esop og Aesop, frå gresk Αἴσωπος, Aísōpos og latin Aesopus, var ein gresk fabeldiktar som har gjeve namn til Esops fablar. Ein kjenner ingenting til livet hans frå truverdige kjelder, og truleg har ikkje Æsop eksistert, men vorte diktet opp som opphavsmann til fleire urgamle greske fablar. I følgje folketradisjonen skal han derimot ha vore ein frygisk slave som levde frå rundt 620 til 560 f.Kr. på øya Sámos i Hellas, der han ved eit tidspunkt vart sleppt laus frå slaveriet og til slutt drepen av folk i Delfi. Dei korte, poengterte fablane tillagde Æsop har derimot vore populære heilt sidan antikken, både som underhaldning og moralforteljingar. Dei vert framleis fortalt over store delar av verda, gjeve ut som barnebøker og framstilt i barnefilmar, skodespel og teikneseriar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Dette tresnittet frå Vita et Fabulae, ei tysk utgåve av Æsops fabler trykt i Augsburg rundt 1479, viser den vanskapte historieforteljaren og symbol og detaljar frå livet hans
Fabeldiktaren Æsop (Esopus) slik han framstår i Nürnbergkrøniken i tysk klesdrakt frå 1493.
Æsop portrettert av Diego Velázquez som vansira lærd i eit måleri frå ca. 1639-40. Måleriet er i dag i Pradomuséet i Madrid.

Om Æsop har eksistert, så er fødestaden likevel uklår - Thrakia, Frygia, Etiopia, Sámos, Aten og Sardis har alle utropt seg som fødestaden hans.

Med tanke på kor lite informasjon som er samla om Æsop frå referansar til han i fleire greske dokument (han er nemnt av Aristophanes, Platon, Xenophon og Aristotles), var Æsop ein slave for ein gresk mann ved nemn Iadmon som budde på øya Sámos. Æsop må ha vorte lauslaten sidan han kunne stille opp og leie eit offentleg forsvar for ein viss demagog (Aristoles, «Retorikken», ii 20). Han levde så ved hoffet til Krøsus der han møtte Solon og var middagsgjest i selskap med Dei sju vise saman med Periander i Korint. I løpet av regimet til Peisistratos vart det sagt at han vitja Athen der han fortalte fabelen om Froskane som begjærte ein konge for å frårå borgarane frå å prøve og avsette Peisistratus for ein annan herskar. Ei anna historie med motsett forløp fortel at Æsop talte ut for vanlege folk mot tyranniet gjennom sine fablar, noko som opprørte Peisistratus som var motstandar av ytringsfridom.

Ifølgje historikaren Herodot fekk Æsop ein valdeleg død av borgarane av Delfi, men det er ikkje gjeve noko grunn for dette. Ulike forslag er seinare gjeve, som dei fornærmande sarkasmene hans, eit underslag av pengar som Krøsus hadde sendt med han til Delfi, og hans påståtte heilagbrott av ein sølvkopp. Ein syndebukk fekk skulda for avrettinga og borgarane i Delfi erklærte at dei var villige til å gje erstatning til Iadmon, ein soneson av ein tidlegare herre over Æsop.

Æsop har vorte skildra som ein særs stygg og deformert person, og slik vart han representert i ein marmorstatue i Villa Albani i Roma. I følgje ein annan gresk historikar, Plutark, som skreiv ned symposiet med Dei sju vise der Æsop var gjest, var det mange vitsar om den tidlegare statusen hans, men det vart ikkje sagt noko direkte nedsetjande om han. Borgarane i Aten fekk reiste ein statue av Æsop, laga av skulptøren Lysippus, der han ikkje var vansira.

Esops fablar[endre | endre wikiteksten]

Three Hundred Aesop's Fables, ei engelsk bokutgåve av Esops fablar frå 1867, gjendikta av George Fyler Townsend

Esops fablar, eller på latin Æsopica, er ei samling med fablar som er tilskriven Æsop. Esops fablar har òg vorte eit generelt omgrep for samlingar med korte fablar som vanlegvis involverer dyr med menneskelege eigenskapar.

Fablane er framleis populære, mellom anna for å lære barn moral og god oppførsel. Mange av historiene i Esops fablar, «Reven og druene» («høgt heng dei og sure er dei!»), «Skjelpadda og haren», «Gjetarguten og ulven» (eller «Guten som ropte ulv») er kjende soger i dag.

Æsop har alltid vore populær i muntleg forteljing, men den første samlinga vi kjenner til og som sidan har gått tapt vart skrive ned av Demetrius Falarius på om lag 400-talet f.Kr. og var nedteikna på prosa. Den romerske fabeldiktaren Babrius sette fablane på vers i det gresk språket på 100-talet e.Kr. og denne samlinga eksisterer framleis. Det eksisterer òg ei latinsk utgåve av den romerske fabeldiktaren Fædrus som gjorde dei til ein del av sine eigne samlingar på vers ein gong mellom år 1 og 50 e.Kr.. Samlinga hans vart tonegjevande for all seinare fabeldikting. Ein munk frå 1300-talet, Maximus Planudes, ordna ei biografisk samling av Esops fablar.

Det moralfilosofiske sluttpoenget i fablane til Æsop vart lagt til i ettertid (gr. epimythian, etter fabelord) av andre enn opphavsmannen sjølv. I følgje Platon versifiserte Sokrates Esops fablar tida før avrettinga si, og kan dermed vere opphavsmannen til det moralfilosofiske sluttpoenget.[1]

Det er foreslått at ein sura eller eit kapitel i Koranen ved tittelen Luqman kan referere til Æsop, som var ein kjend figur i Arabia på tida til Muhammed.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Æsop», NRK.no - Forfattere, henta 10. desember 2023 
  • Denne artikkelen bygger på «Æsop» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2009.
  • Caxton, John, 1484. The history and fables of Aesop, Westminster. Modern reprint edited by Robert T. Lenaghan (Harvard University Press: Cambridge, 1967).
  • Bentley, Richard, 1697. Dissertation upon the Epistles of Phalaris... and the Fables of Æsop. London.
  • Jacobs, Joseph, 1889. The Fables of Aesop: Selected, Told Anew, and Their History Traced, as first printed by William Caxton, 1484, from his French translation
  • Handford, S. A., 1954. Fables of Aesop. New York: Penguin.
  • Perry, Ben E. (editor), 1965. Babrius and Phaedrus, (Loeb Classical Library) Cambridge: Harvard University Press, 1965. English translations of 143 Greek verse fables by Babrius, 126 Latin verse fables by Phaedrus, 328 Greek fables not extant in Babrius, and 128 Latin fables not extant in Phaedrus (including some medieval materials) for a total of 725 fables.
  • Temple, Olivia and Robert (translators), 1998. Aesop, The Complete Fables, New York: Penguin Classics. (ISBN 0-14-044649-4)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]