Tore Elias Hoel
Tore Elias Hoel | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. desember 1953 (70 år) Harstad kommune |
Yrke | skribent, lyrikar |
Språk | norsk |
Tore Elias Hoel (fødd 14. desember 1953) er ein norsk lektor, lyrikar og ungdomsbokforfattar frå i Harstad.
Han har skrive seks ungdomsromanar, to diktsamlingar og ein libretto til ein opera for born. Han er utdanna cand. philol. og har undervist i norsk litteratur på universitet, distriktshøgskule og lærarhøgskule og i norsk og historie på vidaregåande skule. Han bur i Bodø og arbeider på Bodø videregående skole.
I intervju har Hoel fortalt at han i diktsamlingane sine prøvde å utvida den politiske lyrikken i ekspresjonistisk retning. Etter ein pause i forfattarskapen begynte han å skriva romanar for ungdom. Desse relativt korte romanane har alle eit avgrensa tidsforløp (handlinga skjer innanfor eitt døgn), og dei tar utgangspunkt i ei kaoskjensle (oppløyste familiar, eit samfunn utan styring) der også sorg og sakn står sentralt. I alle romanane har kunst ein plass, som utveg til å byggja ein ny identitet. Språket i romanane er kortfatta og sakleg.
Hoel skreiv i 2005 librettoen til ein opera for born, Jomfru Rosenving på Santavajasø. Musikken blei laga av Sigmund Lillebjerka. Operaen blei framført i 2005 i Bodø og Mo i Rana.
Hoel sat òg i den nemnda som Språkrådet oppnemnde i januar 2010 for å normere nynorsk. Nemnda avslutta arbeidet sitt i 2011, og resultatet blei Rettskrivinga av 2012.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1979 – Å fange en hval, Gyldendal Norsk Forlag, (diktsamling) (bokmål)
- 1981 – Presidentens ro, Gyldendal Norsk Forlag, (diktsamling) (bokmål)
- 1988 – Verdsmeisteren, illustrert av Bente Rostad, Det Norske Samlaget (ungdomsbok, nynorsk utgåve)
- 1988 – Verdensmesteren, illustrert av Bente Rostad, Det Norske Samlaget (ungdomsbok, bokmålsutgave)
- 1991 – Eg heiter Pawel, illustrert av Jørgen Blitzner, Det Norske Samlaget (ungdomsbok, nynorsk utgåve)
- 1991 - Jeg heter Pawel, illustrert av Jørgen Blitzner, Det Norske Samlaget (ungdomsbok, bokmålsutgave)
- 1999 – Fire dagar i Nairobi, Det Norske Samlaget (ungdomsbok) (nynorsk)
- 2003 – Glaskula, Det Norske Samlaget (ungdomsbok) (nynorsk)
- 2005 – Vinterfilm, Det Norske Samlaget (ungdomsbok) (nynorsk)
- 2005 - Jomfru Rosenving på Santavajasø (libretto til barneopera)
- 2007 - To gutar til Paris, Det Norske Samlaget (ungdomsbok) (nynorsk)
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- 2003 – Blix-prisen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Digitaliserte bøker av Tore Elias Hoel hjå Nasjonalbiblioteket
- Samlaget sin presentasjon av forfattaren
- Tore Elias Hoel i NRK Forfatter
[[Kategori:Forfattarar frå Troms}}