Nils L. Landmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For forfattaren, sjå Nils Landmark (1844–1923).
Nils L. Landmark

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1775
Oslo
Død

29. oktober 1859 (84 år)
Fjaler kommune

Yrke sorenskrivar, grunneigar, politikar
Språk norsk

Nils L. Landmark (11. mars 177529. oktober 1859) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Andreas Landmark var ein eldre bror.

Landmark var fødd i Christiania, faren var ein kunstvevar innvandra frå Sverige. Sjølv vart han for ein stor del oppfostra hos sorenskrivaren J.D. Stub i Nordfjord. Han tok i 1797 juridisk eksamen i morsmålet i København. Deretter styrte han embetsforretningane til sorenskrivar Stub i Nordfjord til denne døydde i 1802. 1808 vart han utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord, eit embete han allereie hadde styrt ei tid. I si lange embetstid, han tok avskjed i 1852, verka han for fremjing av landbruket. Sin eigen gard, Tysse i Holmedal, dreiv han som eit mønsterbruk med treplanting, fruktdyrking og oppdyrking av myr.

Landmark var 2. representant frå Nordre BergenhusStortinget 1821 og omframstortinget 1822. I 1821 var han sekretær i Stortinget og visesekretær i Odelstinget. Han var medlem av 15 komitear, formann i to av dei og sekretær i fem andre. Mellom anna var han formann i komiteen om utskiftingslova og sekretær i redaksjonskomiteen og i komiteane om tukthus i Nordlands amt, om Tromsø seminar og allmugeskulestellet. På omframstortinget 1822 var han sekretær i både Stortinget og i redaksjonskomiteen, dessutan medlem av komiteen om skatterestansar og om slottsbygninga.

Gardsdagbøker[endre | endre wikiteksten]

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har digitalisert dagbøkene Nils Landmark skreiv om gardsdrifta på Tysse, og publisert dei på heimesida. Dagbøkene dekkjer åra 1813-1842, og dei ligg også tilgjengeleg på Arkivportalen.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre Øvrebø, tidlegare fylkesarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, har skrive artikkelen Nils Landmark sine dagbøker - gardshistorie frå Fjaler, publisert i tidssskriftet Kjelda nummer fire i 1991.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]