Magne Wergeland
Magne Wergeland | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. mai 1899 |
Død |
9. august 1973 (74 år) |
Yrke | skribent |
Magne Wergeland (16. mai 1899–9. august 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Brekke i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han busette seg på Austlandet.
Wergeland tok lærareksamen i 1925, før han reiste til Sambandsstatane og oppheldt seg der frå 1926 - 1933. Han arbeidde deretter som lærar fleire stader før han i 1958 vart lærar i Kongsberg.
Bøkene Magne Wergeland skreiv, var på nynorsk. Han skreiv både reiseskildringar, barnebøker, diktsamlingar og romanar. Magne Wergeland døydde i 1973.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
Bøker[endre | endre wikiteksten]
- 1924 – Snurrige folk : skrønor og forteljingar (Voss: Unglyden) [Skrive under psevdonymet: Johan Isaksson]
- 1927 – Havmann : eit dikt um livet (Voss: Unglyden)
- 1928 – Hugskifte : spelstykke i tre vendingar (Voss: Unglyden)
- 1928-29 – Svartfossen (Voss: Unglyden)
- 1930 – Farmanns kvede (Oslo: Noregs boklag) I fulltekst ved nb.no
- 1935 – I vesterveg
- 1943 – Hardbalne gutar : forteljing for born (Oslo: Fonna forlag) I fulltekst ved nb.no [Andre opplag]
- 1949 – Vågsame karar (Voss: I kommisjon hjå Moss bokhandel) I fulltekst ved nb.no
- 1951 – Den underlege hola (Skien: Bjørn forlag) I fulltekst ved nb.no [Illustrasjonar: Magnus Hardeland]
- 1951 – Den store jonsokfesten: eventyr om dyr (Skien: Bjørn forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1953 – Ut i verda (Skien: Bjørn forlag)
- 1969 – Storm over Skagastølstind (Hvittingfoss: Bjørn forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1972 – Vetteljos over bjarte grender (Hvittingfoss: Bjørn forlag)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Om Magne Wergeland i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Arkivert 2016-02-22 ved Wayback Machine.
- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978
- Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Verk i tidsskrift - eit utval