Alf Hellevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Kolbjørn Hellevik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juni 1909
Fjaler i Sunnfjord
Død

8. november 2001 (92 år)

Yrke Filolog, språkprofessor og ordbokredaktør

Alf Kolbjørn Hellevik (28. juni 19098. november 2001) var ein norsk filolog, språkprofessor og ordbokredaktør som er særleg kjend for standardverket Nynorsk ordliste. Han vart fødd i Fjaler i Sunnfjord, og var ein aktiv målmann gjennom heile livet.

I 1938 vart han cand.philol., før han i ein periode var lærar ved Norsk Korrespondanseskole i Oslo. Deretter, i 1946, vart han tilknytt redaksjonen av Norsk Ordbok, der han var hovudrdaktør frå 1948 til 1978. Mellom 1972 og 1977 var han dosent i nordisk språkvitskap og leiar av nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo. Seinare vart han professor same stad. Hellevik hadde også fleire språkrelaterte styreverv: Han var skiftevis formann og varaformann i Norsk språknemnd frå 1952 til 1972 og medlem av Norsk språkråd frå 1972 til 1979.

Første utgåva av Nynorsk ordliste kom ut i 1938. Ho var utgjeven av Einar Breidsvoll og Knut Liestøl. Andre utgåva frå 1959 er redigert av Breidsvoll og Alf Hellevik. Frå 1962 var Hellevik redaktør åleine. Utgåvene frå 2000 og 2005 ber framleis Hellevik sit namn. Redaktørar er Aud Søyland og Kåre Skadberg. Ordlista har vorte svært mykje brukt. Gjennom åra har det vorte trykt heile 2,5 millionar eksemplar av ordlista til Hellevik.

Hellevik omsette også Kongsspegelen, i ei utgåve som kom ut på Det Norske Samlaget i 1943.

Alf Hellevik gav også ut fleire lærebøker, som Norsk på ny, God nynorsk og Språkrøkt og språkstyring. I 1998 skipa han Helleviks fond, som deler ut ein målpris til yngre nynorskbrukarar i media. Sjølv fekk han i si tid fylkesmålprisen i Sogn og Fjordane. I 1999 vart Hellevik utnemnd til heidersmedlem i mållaget. Han var og heidersmedlem av Det Norske Samlaget og Studentmållaget i Oslo.

Seint i livet flytta han heim att til Hellevik i Fjaler.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1943 – Kongsspegelen : (Konungs Skuggsjá) : 4.utgåva ved Alf Hellevik (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Serien Norrøne bokverk nr. 7 og nr. 14]
  • 1951 – Kongsspegelen : (Konungs Skuggsjá) : 5.utgåva ved Alf Hellevik (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [Serien Norrøne bokverk nr. 7 og nr. 14]
  • 1953 – Omstridde språkspørsmål (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
  • 1964 – Skriftspråk i utvikling : tiårsskrift for norsk språknemnd 1952-1962 (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no  [Redaktørar: Alf Hellevik og Einar Lundeby]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Tekstar om Alf Kolbjørn Hellevik[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]