Hans Svarstad
Utsjånad
| Hans Svarstad | |
![]() | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 11. juli 1883 Innvik |
| Død | |
| Yrke | politikar, lærar, forfattar |
| Språk | norsk |
| Politisk parti | Kristeleg Folkeparti |
Hans Paulson Svarstad (11. juli 1883–1. april 1971) var ein norsk lærar, politikar og forfattar frå Innvik i Stryn kommune.
Etter å ha gått amtsskulen på Eid i Nordfjord, tok Svarstad eksamen frå Volda lærarskule i 1907. Han fekk same året arbeid på folkehøgskulen Framnes, der han vart verande i 30 år. I 1931 vart han styrar for Framnes mellomskule, ei stilling han hadde til 1943.
Svarstad representerte Kristeleg Folkeparti og Hordaland på Stortinget frå 1937 til 1953.
Han gav ut forteljingane Ættararv i 1929 og Frå Bøgrendi året etter. I 1925 gav han i samarbeid med H. Høeg ut Lesebok for norsk ungdom.
Han fekk både Kongens fortenestemedalje i gull og Klostermedaljen.
Svarstad er gravlagd på Vikøy kyrkjegard.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1925 – Lesebok for norsk ungdom (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no [Ved Hans Høeg og Hans Svarstad]
- 1929 – Ættararv (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
- 1930 – Frå Bøgrendi (Bergen: Lunde) I fulltekst ved nb.no
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 1947 – Framnes ungdomsskule 50 år (Indremisjonssamskipnaden) I fulltekst ved nb.no [Redaktør: P. S. Eikrem. Av innhaldet: Ungdomsskulen sitt innslag i norsk folkeliv / Hans Svarstad, s. 36-41]
I tidsskrift - eit utval
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1883
- Døde i 1971
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Stortingsrepresentantar frå KrF
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Folk frå Stryn
- Folk frå Kvam
- Forfattarar frå Stryn
- Norske sakprosaforfattarar
- Norske romanforfattarar
- KrF-politikarar i Hordaland
