Hopp til innhald

Paula Fure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paula Fure
StatsborgarskapNoreg
Fødd19. november 1933 (92 år)
Selje
Yrkeillustratør, pedagog, skribent
Språknorsk

Paula Elisabeth Fure (fødd 19. november 1933 i Selje kommune i Nordfjord) er ein norsk kunstformidlar og forfattar. Saman med mannen sin, musikaren Svein Westad driv ho Galleri Åkern, eit privat galleri for samtidskunst, i Kongsberg.

Paula Fure har 8 års utdanning frå høgskule og universitet innanfor kunst og kultur, pedagogikk, kunsthistorie, filosofi, estetikk og vitenskaps- og erkjennelsesteori. Ho har mange års undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande skule og høgskule. Paula Fure har i mange år arbeidd som høgskuledosent ved hovudfagstudiet, Avdeling for estetiske fag, Høgskolen i Telemark, Notodden (HiT), innanfor fagområda filosofi, estetikk, kunstfag og forskning. Paula Fure har vore svært aktiv i arbeidet med kunsformidling på alle nivå, også kombinert med utøvande kunstnerisk arbeid. Ho har drive Galleri Åkern i over 20 år.

Paula Fure mottok i 2003 Kongens fortjenestemedalje i sølv for sitt arbeid innan undervisning, kunstformidling og forskning på det estetiske og kunstfaglege området.

I 2008 mottok Paula Fure, saman med ektemannen Svein Westad, Kongsberg kommunen sin kulturpris for deira mangeårige arbeid for kulturen.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  • «Biblioteksøk : nasjonal søketeneste med informasjon om bøker, elektroniske publikasjonar, lydbøker, noter m.m. i norske bibliotek. Biblioteksøk viser kva bibliotek som eig publikasjonen du leitar etter». s. Nasjonalbiblioteket. Henta 13.2.2015. {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp); Cite has empty unknown parameters: |medforfattarar=, |vitja_månad_dag=, |månad=, |vitja_dag_månad=, |vitjingsår= og |forfattar_url= (hjelp)
  • «Sogn og Fjordane samsøk». Henta 13.2.2015. «Katalog over bøker og anna materiale i biblioteka i Sogn og Fjordane» {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp); Cite has empty unknown parameters: |medforfattarar=, |vitja_månad_dag=, |månad=, |vitja_dag_månad=, |vitjingsår= og |forfattar_url= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • «Galleri Åkeren». Henta 17.2.2015. {{cite web}}: Check date values in: |vitja= (hjelp); Cite has empty unknown parameters: |medforfattarar=, |vitja_månad_dag=, |månad=, |vitja_dag_månad=, |vitjingsår= og |forfattar_url= (hjelp)