Hopp til innhald

Sivert N. Nesbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sivert N. Nesbø

StatsborgarskapNoreg
Fødd26. mai 1982, 1982 (43 år)
Yrkeskribent

Sivert Nikolai Nesbø (fødd 26. mai 1982) er ein norsk forfattar og akademileiar ved Skrivekunstakademiet.[1]

Nesbø er frå Førde, og er busett i Bergen. Han har teke årsstudium ved Skrivekunstakademiet i Bergen[2] og debuterte i 2013 med romanen Skårgangar.[3] Han har sidan skrive fleire kritikarroste romanar. Den fyrste barneboka hans, Hauk, kom i 2019, illustrert av Susanna Kajermo. Varme og vatn kom i 2021. Same år kom òg Framom døden, ei omsetjing av William Faulkners As I Lay Dying frå 1930. For denne vart han nominert til Bastianprisen.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 2009 I: Stille når gruppe : antologi for Skrivekunstakademiet i Hordaland 2009 (Bergen: Skrivekunstakademiet i Hordaland)
  • 2011 I: Signaler : Cappelen Damms årlige debutantantologi med inviterte etablerte 2011 (Oslo: Cappelen Damm)

Prisar og nominasjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • Nominert til Bastianprisen 2022 for Framom døden
  • Målprisen 2022, Førde mållag
  1. TILSETTE og faste gjestelærarar | Skrivekunstakademiet, henta 8. februar 2022
  2. «Skrivekunstakademiet i Hordaland: Tidlegare studentar». Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 8. juni 2015.
  3. «Cappelen Damm: Skårgangar». Henta 10. juni 2015.