Idun Anderssen Husabø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idun Anderssen Husabø

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1980 (44 år)
Leikanger
Yrke forfattar
Idun Anderssen Husabø på Commons

Idun Anderssen Husabø (fødd 1980 i Leikanger) er ein norsk forskar og forfattar. Ho har vore busett i Sogndal og i Leikanger. Husabø har cand. mag. i samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies ved University of London. Frå 2003-2005 var ho journalist i NRK Sogn og Fjordane, i 2004/2005 var ho i Kina i regi av Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College. I 2006 vart Husabø tilsett som trainee i Vestlandsforsking i Sogndal, der ho seinare vart forskar. I 2011 vart ho tilsett som rådgjevar i Distriktssenteret i Sogndal.

Husabø har mellom anna skrive tekstane i bøkene Kjartan Slettemark – kunsten å falle (Skald 2009) med foto av Brita Olsson og i Balestrand (Skald 2011) med foto av Knut Bry og levert to bidrag til dokumentarboka Det fleirspråklege Noreg (2013). I boka Rabalder - kontroversielle ytringer gjennom 100 år,[1] som kom ut på Aschehoug i 2022, har ho bidrege med ein tekst om Kjartan Slettemarks Vietnam-verk.

Husabø er dotter til Anders Anderssen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rabalder», aschehoug.no (på norsk bokmål), henta 23. november 2022