Hopp til innhald

Andreas Engebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Engebø
StatsborgarskapNoreg
Fødd15. august 1934
Vevring kommune
Død 12. september 2021 (87 år)
Idrettvektløfting, styrkeløft

Andreas Engebø (15. august 193712. august 2021)[1] var ein norsk lærar, idrettsutøvar og forfattar.

Engebø vart fødd på Kvellestad i Vevring i Naustdal og busette seg seinare i Holmedal i Askvoll. Han har eksamen frå Befalskolen for Infanteriet i 1955, artium frå Voss landsgymnas i 1958 og eksamen frå Stord lærarskule i 1965. Engebø var lærar fleire stader, og frå 1969 ved Holmedal skule.

Andreas Engebø var den første landskjende idrettsutøvaren i Tambarskjelvar idrettslag, som deltakar på landslaget i kulestøyt i 1957 og 1963. Han vann NM-tittel i vektløfting supertungvekt i 1971, 1972 og 1973, og vart norsk og nordisk meister i styrkeløft i 1967.

Engebø debuterte med diktsamlinga Trollhegg og rabarbra i 1986.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2008 Liv i Låglandet (Holmedal: eige forlag)
  • 2009 Raud myrull (Holmedal: eige forlag)
  • 2012 Ørneblikk (Holmedal: eige forlag)
  • 2017 Trubaduren og vandraren ; det osar av villmark (Svanøybukt: Lisa&Lunden). ISBN 9788293418535

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 2005 Gråbein ( Spilte sjanser)  [Tekstar Andreas Engebø]
  1. «Andreas Rasmus Engebø». Våre minnesider. 12. september 2021. Arkivert frå originalen 16. september 2021. Henta 16. september 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]