Øystein Rakkenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Rakkenes

Foto: Adelin Mugisha
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. desember 1956 (67 år)
Tromsø kommune
Yrke journalist, filmregissør, manusforfattar
Språk norsk

Øystein Rakkenes (fødd 1956 i Tromsø) er ein norsk journalist, forfattar og filmskapar, mellom anna kjend frå radio- og TV-program sendt i NRK.

Øystein Rakkenes vaks opp i Måløy og Deknepollen i Vågsøy kommune,[1] og er no busett på Nesodden. Han har vore sjømann og mellom anna arbeidd som rådgjevar for Dalai Lama sin stab i Dharamsala i India.[1][2] Øystein Rakkenes var dessutan den første læraren og mentoren for tibetanarane sin eksil-radiostasjon, Voice of Tibet, ved oppstarten i Dharamsala i 1996.

Øystein Rakkenes har arbeidd som programleiar, nyhendejournalist, reportar og TV-produsent sidan 1989.[1] Rakkenes sitt spesialfelt har vore samfunnsjournalistikk og verdi- og livssynsspørsmål.[2] Han har også arbeidd mykje med tilhøva i Sør-Afrika, India[3] og Tibet.[2] I NRK starta han i nyheitsredaksjonen og har sidan delteke i redaksjonane i mellom anna Verdibørsen,[3] Sånn er livet og EKKO, NRK P2s program om aktuelle samfunnsforhold og menneske. Han har også vore kåsør i kulturavdelinga i P2, ved sidan av å produsera TV-program for Fakta-avdelinga i NRK fjernsynet.[2]

I 2001 gav Øystein Rakkenes ut boka HavlandetSelja forlag saman med fotografen Thomas Bickhardt. Boka er eit møte med tradisjonelle verdiar i kystsamfunn på Vestlandet i kontrast til raskt skiftande levesett påverka av oljeindustrien. I 2003 kom Himmelfolket : en norsk høvding i ZululandCappelen forlag. Boka handlar om Hans Paludan Smith Schreuder frå Sogndal, mannen som vart zulukongen sin ambassadør og Noreg sin første internasjonale fredsmeklar. I 2006 fekk Øystein Rakkenes prisen for årets beste dokumentar for filmen In Gandhi's footsteps ved Indo-American Film Festival i Atlanta, USA. Filmen handlar om ein av dei mest kjende aktivistane i India, Kiran Bedi, og vart produsert av Pål Chr. Buntz. I 2010 fekk Øystein Rakkenes Amanda-prisen for dokumentarfilmen Brødre i krig, som han var regissør for. Filmen er eit nært portrett av to brør frå Trondheim som hamnar på kvar si side under andre verdskrigen. Etter nesten 70 år møtest dei i heimbyen Trondheim, den eine tidlegare frontsoldat, og den andre britisk spion. Ei bok med same tittel vart gitt ut på Pax forlag i 2010.[1][4]

Dokumentarfilmen Det siste vitnet, der Øystein Rakkenes er regissør og produsent, var opningsfilmen under Kortfilm- og dokumentarfilmfesitvalen i Grimstad i juni, 2013. Dette er ein film om Pelle-gruppa, ei sabotasjegruppe leia av Ragnar Sollie. Filmen viser korleis mektige aktørar i norsk samfunnsliv avlytta, trakasserte og utsette fleire av Pelle-gruppa sine medlemmar for yrkesforbod i tida etter 1945. Det siste vitnet vekte debatt omkring den store forskjellsbehandlinga av norske motstandsmenn etter krigen. Filmrosjektet var også medverkande til at bystyret i Oslo bestemte seg for å heidra Pelle-gruppa med eit monument på Aker Brygge. Det vart avduka 22. november 2013.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 – Panorama Nordfjord (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-013-8  [Thomas Bickhardt [fotograf], Øystein Rakkenes [forfattar]]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Amanda for beste dokumentar 2010 for Brødre i krig

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Om Øystein Rakkenes i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, arkivert frå originalen 16. mars 2016, henta 15. mars 2016 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Journalisten.no om Øystein Rakkenes 2008
  3. 3,0 3,1 NRK om Øystein Rakkenes 2002
  4. Pax forlag si reklameside om boka Brødre i krig