Hopp til innhald

Ragnar Kvamme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnar Kvamme
Fødd18. mai 1915
Død

28. mars 2004 (88 år)

Yrkeskribent

Ragnar Kvamme (18. mai 191528. mars 2004) var ein norsk jurist og forfattar. Han var frå Vadheim i Høyanger kommune, og busett i Oslo. Kvamme var sjef for juridisk avdeling i Sjømannsforbundet i mange år. Deretter arbeidde han som jurist i Maskinistforbundet og som advokat i Oslo.

Kvamme gav m.a. ut eit par bøker om sjøfartsjus og fleire humorbøker frå Sogn og Fjordane.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1959 Mannskapstvister i handels-, fangst- og fiskeflåten (Oslo: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no  [Domssamling]
  • 1998 Sunnfjord i smil og lått (Oslo: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no  [Teikningar av Odd Børretzen]
  • 1999 Gamle Sogn : foto og ord : frå bygda Vadheim i ca. 100 år (Oslo: Ragnar Kvamme) I fulltekst ved nb.no  [Redigert av Ragnar Kvamme]
  • 2001 På folkemunne i ytre Sunnfjord (Oslo: Eige forlag)