Torkjell Djupedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torkjell Djupedal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1957 (67 år)
Førde
Yrke skribent
Far Reidar Djupedal

Torkjell Djupedal (fødd 6. april 1957) er ein norsk forlagsmann og forfattar. Han har vore busett i Førde sidan 1992. Djupedal er cand.mag. i samfunnsfag ved Universitetet i Bergen og har ei mastergrad i journalistikk frå University of Oregon i USA.

Djupedal har vore journalist i Gula Tidend i Bergen (1986-89), informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune (1989-92) og radiojournalist i NRK Sogn og Fjordane (1992-97).

I 1996 grunnla Djupedal Selja forlag, og har ved sida av forleggjarverksemda også vore forfattar av fleire bøker med lokalhistorisk innhald.

Torkjell Djupedal er son til Reidar Djupedal, og bror til tidlegare stortingsrepresentant og statsråd i SV og fylkesmann Øystein Djupedal.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2000 – På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2. Sogn (Førde: Selja). ISBN 82-91722-14-5 I fulltekst ved nb.no  [Av: Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen, Finn Borgen Førsund]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]