Kåre Øvregard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Øvregard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1933 (91 år)
Jostedal kommune
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Gunnhild Øvregard

Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933) er ein norsk Ap-politikar, lærar, rådmann og forfattar.

Øvregard var fødd i Jostedalen, og busett i Gaupne i Luster kommune. Han tok eksamen ved Stord lærarskule 1957, Statens sløyd og tegneskole 1961 og sommarkurs ved NLH 1964. Han var lærar ved Sperle skule 1957-1962 og Gaupne barneskule 1962-1975. Øvregard var varaordførar i Jostedal 1959-1962, i Luster 1965-1967 og han var ordførar i Luster 1975-1977. Han hadde m.a. verv i skulestyre, var leiar i generalplannemnda og var medlem i både den kommunale og fylkeskommunale friluftsnemnda. Øvregard var medlem i Interimsstyret for Norske vasskraftkommunars landssamanslutning 1976-1985. På riksplan har han hatt tillitsverv i styreorgan i Vinmonopolet, og har elles hatt lokale styreverv i Vestlandsbanken. Kåre Øvregard var stortingsrepresentant 1977-1989 og han var rådmann i Luster 1989-1994.

I lokalt organisasjonsarbeid har Øvregard hatt ei rad styreverv i ungdomslag, musikkliv og idrettslag. Han var styremedlem for Arbeidararkiv Sogn og Fjordane frå 1989.

Kåre Øvregard har skrive lokalhistoriske bøker for Luster og ei barnebok.

I 2011 vart Øvregard tildelt kulturprisen til Luster kommune.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 – Gaupne skule- og ungdomskorps 25-års jubileum (Gaupne: Eige forlag)
  • 1996 – Skulen i Luster gjennom 250 år : kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane (Gaupne: Luster kommune). ISBN 82-991182-5-5 I fulltekst ved nb.no  [Over tittelen: Den gamle - og så den nye tid]
  • 2003 – Leirdalen - ei perle i Luster : jordbruksbygda Storflaumane frå Brimkjelen Vasskraftutbygginga (Luster: Eige forlag). ISBN 82-996797-0-2

I tidsskrift- eit utval[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]