Svein Indrelid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein Indrelid
Svein Indrelid.jpg
Fødd 24. desember 1943
Aurland
Yrke arkeolog, professor

Svein Oddvar Indrelid (fødd 24. desember 1943) er ein norsk arkeolog fødd i Aurland. Han har magistergrad i nordisk arkeologi frå 1971, vart dr.philos. i 1986, og tilsett som professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen og ved Bergen Museum. Han tok del i Hardangerviddaprosjektet for tverrvitenskapelig kulturforskning med arkeologiske utgravingar på Hardangervidda utover på 1970-talet og framover, med utgravingar på Sumtangen i Finsbergvatnet, og var prosjektleiar for prosjektet Reinsdyr og reinsdyrfangst på Hardangervidda i jernalder og middelalder.

I dei seinare åra har Svein Indrelid òg arbeidd med utgravingar i Russland i samarbeid med arkeolog og geolog John Inge Svendsen[1].

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1973 – Hein 33 : en steinalderboplass på Hardangervidda : forsøk på kronologisk og kulturell analyse (Bergen: Universitetsforlaget)  [Serie: Årbok for Universitetet i Bergen. Humanistisk serie]
  • 1984 – Sunnmøres forhistorie : fra de første fotefar (Ålesund: Sunnmørsposten forlag) . ISBN 8299093732 I fulltekst ved nb.no  [Redigert av Svein Indrelid og Stein Ugelvik Larsen]
  • 1986 – Fangstfolk og bønder i fjellet : bidrag til Hardangerviddas førhistorie 8500-2500 år før nåtid (Bergen: S. Indrelid) I fulltekst ved nb.no
  • 1988 – Arkeologiske skrifter fra Historisk museum, Universitetet i Bergen. 4. Festskrift til Anders Hagen (Bergen: Museet)  [Redaksjon: Svein Indrelid, Sigrid Kaland, Bergljot Solberg]
  • 1991 – Fornminne og fornminnevern i Ølen kommune (Bergen: Historisk museum, Universitetet i Bergen) . ISBN 8290273487
  • 1994 – Among the Fjords and Mountains : a summary of Aurland history (Aurland: Aurland Historical Association) . ISBN 82-90451-50-4  [Medverkande: Svein Indrelid, Anders Ohnstad, Åsmund Ohnstad, Nils Tore Skahjem]
  • 1994 – Fangstfolk og bønder i fjellet : bidrag til Hardangerviddas førhistorie 8500-2500 år før nåtid (Oslo: Universitetets oldsaksamling) . ISBN 8271811185 I fulltekst ved nb.no
  • 1994 – Fornminnevern i kommunane : kva lokalsamfunna sjølve kan gjera for å ta vare på minna om si eldste fortid (Oslo: Noregs forskingsråd) . ISBN 82-12-00264-0 I fulltekst ved nb.no  [FOK-programmet. Skrifter ; nr 15]
  • 1996 – Frå steinalder til vikingtid (Bergen: Eide) . ISBN 82-514-0480-0  [Strilesoga. Bind 1]
  • 2003 – Soga om Flåm. Band 1. Bygdi (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 82-992261-3-9  [Aurland bygdebok]
  • 2007 – Soga om Flåm. Band 2A. Gard og ætt : Frå Fretheim til Geisme (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 978-82-992261-5-8  [Aurland bygdebok]
  • 2009 – Arkeologiske undersøkelser i vassdrag : faglig program for Sør-Norge (Oslo: Riksantikvaren) . ISBN 9788275740524
  • 2009 – Soga om Flåm. Band 2B. Gard og ætt : Frå Dalsbotn til Upsete (Aurland: Aurland sogelag) . ISBN 978-82-992261-6-5  [Aurland bygdebok]
  • 2014 – Oppdagelser på Hardangervidda (Bergen: Nord4) . ISBN 978-82-7326-108-3

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 – Fattigfolk : i Bergens stift 1755-2005 (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-54-4  [Red.: Yngve Nedrebø. Av innhaldet: Dei fattige i Aurland : forordninga av 1755 i ei vestlandsbygd / Svein Indrelid]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pavel Pavlov, John Inge Svendsen og Svein Indrelid (6.9.2001). «Human presence in the European Arctic nearly 40,000 years ago». Nature: 413:64-67. doi:10.1038/35092552.  Sjå òg The ice man cometh early i Nature'