Finn Loftesnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Loftesnes

Fødd 1947 (77 år)
Yrke skribent

Finn Loftesnes (fødd 1947) er ein norsk lærar, fotograf og forfattar. Han er frå Sogndal. Loftesnes har vore lærar i friluftsliv og naturfotografering ved Sogndal Folkehøgskule. Han har levert naturfoto til ei rekkje praktbøker, og han har hatt eigne utstillingar av naturfoto.

Saman med Tom Dybwad gav han ut ei praktbok om Nærøyfjorden - Verdsarv Nærøyfjorden (Selja Forlag 2006). Loftesnes har vore hovudfotograf i fleire Opptur-bøker (Selja Forlag), og var både forfattar og fotograf av boka Opptur Jotunheimen (Selja Forlag 2009). I 2011 kom Opptur Nærøyfjorden som han har skrive og teke foto til, saman med Tom Dybwad. I 2012 gav han ut praktboka Opplev Sognefjorden (Skald Forlag) saman med Ingrid Loftesnes. I 2014 gav Selja Forlag ut ei ny turbok – Opptur kysten Bergen-Stad - med foto av Loftesnes og tekst av Knut Magne Nesse.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2006 – Verdsarv Nærøyfjorden (Førde: Selja). ISBN 82-91722-59-5  [Forfattar Tom Dybwad ; hovudfotografar: Finn Loftesnes og Tom Dybwad]
  • 2007 – Fjærland (Førde: Selja). ISBN 978-82-91722-78-8  [Tekst: Hilde Mauritzen ; hovudfotograf: Finn Loftesnes. I serien Selja reise & kultur]
  • 2011 – Opptur Nærøyfjorden : 88 turar kring verdsarvfjordane (Førde: Selja). ISBN 9788282400411  [Av Finn Loftesnes og Tom Dybwad]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]