Gunnar Urtegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Urtegaard

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1952 (72 år)
Balestrand kommune
Yrke historikar, skribent

Gunnar Urtegaard (fødd 1952) er ein norsk historikar og forfattar. Han er frå Balestrand. Urtegaard er utdanna cand. phil. Han var leiar av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane frå starten i 1983 til 2001, då han tok permisjon for å arbeide i eit privat firma. Urtegaard satsa sterkt på internett-baserte tenester frå Fylkesarkivet, og data-basane til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har danna modell for andre.

Urtegaard var medlem av edb-utvalet til Norsk lokalhistorisk institutt, Norsk Kunst- og Kulturhistoriske Museers edb-utval, leiar i Landslaget for lokal- og privatarkiv. I 2007 fekk han mellombels engasjement som prosjektleiar for utvikling av nettbasert kultur- og kunnskapsformidling på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Same året vart han avdelingsdirektør i Statens senter for Arkiv, Bibliotek og Muséum (ABM-utvikling) i Oslo. Frå 2011 til 2013 var Urtegaard seksjonssjef i Norsk Kulturråd og frå 2013 til 2015 avdelingsdirektør i Riksarkivet i Oslo.

I 2015 vart han fagdirektør i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Urtegaard har som lokalhistorikar m.a. skrive bygdebok II for Balestrand og skulesoga for kommunen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 – Balestrand Idrettslag 50 år : 1929-1979 (Sogndal: Sogne-Prent) I fulltekst ved nb.no
  • 1980 – Jordbruksdrift og sosial lagdeling i Balestrand frå 1500 til 1865 (Bergen: Universitetet)  [Hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen, hausten 1980]
  • 1983 – Høyanger vidaregåande skule 50 år (Høyanger: Høyanger vidaregåande skule)  [Omslagstittel: Frå Kyrkjebø 2-årige fagskole 1933 til Høyanger vidaregåande skule 1983]
  • 1984 – Munnlege kjelder i gards- og ættesoger : innsamling av stofftilfang (Kaupanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)  [Over tittelen: Frå Sogn og Fjordane-arkivet lokalhistorisk kjeldesamling 1984]
  • 1984 – Notat om Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (Kaupanger: G. Urtegaard)
  • 1985 – Balestrand. Bind 1. Ættesoge : Tjugum sokn til ca. 1900. Fjærland sokn til ca. 1900. Kvamsøy sokn til 1985 (Balestrand: Balestrand kommune)  [Av Jon Laberg, Olav Hoprekstad, Olav Lunden, Gunnar Urtegaard]
  • 1988 – Plan for etablering av Vestnorsk reiselivsmuseum (Kaupanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune)  [Utarbeidd av Olav Aaraas, Gøran Rosander, Gunnar Urtegaard]
  • 1991 – Balestrand. Bind 2. Gards- og ættesoge : gard nr. 1-34 : gardssoger 1800-1985 : ættesoger 1850-1985 (Balestrand: Balestrand kommune). ISBN 82-992403-0-1 I fulltekst ved nb.no
  • 199? – Soga om grunnskulen 1739-1989 : Balestrand kommune (Balestrand: Balestrand kommune)  [Av Gunnar Urtegaard, Bjørn Bering, Hermund Kleppa]
  • 1999 – Kulturhistorisk atlas og leksikon for Sogn og Fjordane : førebels liste over prioriterte kulturminne (18.6.1999) (Leikanger: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)  [Av Gunnar Urtegaard, Hermund Kleppa]
  • 2000 – Orientering og rettleiing for forfattarar til Kulturhistorisk atlas-leksikon for Sogn og Fjordane (Leikanger: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)  [På omslaget: Rettleiing til forfattarane]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]