Mimi Sverdrup Lunden
Mimi Sverdrup Lunden | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. juni 1894 Solund kommune |
Død | |
Yrke | omsetjar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Edvard Sverdrup |
Maria «Mimi» Sverdrup Lunden (13. juni 1894–8. januar 1955) var ein norsk pedagog, forfattar og omsetjar. Ho var mest kjend som freds- og kvinnesaksforkjempar.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Ho flytta med familien frå Solund til Kristiania i 1908 der ho i 1912 tok examen artium og adjunkteksamen i 1918. For å avhjelpa arbeidsløysa vart ho oppsagt som lærar på Kongsberg der ho budde med mannen Tallak Lunden som døydde i 1930. Så flytta ho til Kristiania og var lærar ved Vestheim skole og Hegdehaugen videregående skole for mellom andre likestillingsombod Eva Kolstad som hugsar Mimi Sverdrup Sverdrup:
- «innprentet sine kvinnelige elever at piker måtte lære seg å sitte med hendene i fanget uten å gjøre noe. Ikke sy eller strikke når dere får litt ledig tid - tenk.»[1]
I hovudstaden ferdigstilte ho også ein cand.philol. ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1931. Som aktiv motstandar av fascismen leia ho Asylrettens venner og promoterte Carl von Ossietzky sitt kandidatur til Nobelprisen 1935. Etter å ha sete to gonger i Oslo kretsfengsel under den andre verdskrigen for å ha hjelpt flyktningar, var ho mot atombomba og medlemskap i NATO. I boka De frigjorte hender skisserer ho omleggjing frå naturalbasert hushaldsøkonomi til det industrialiserte samfunnet, medan boka Den Lange Arbeidsdagen tek opp den lange kampen for betre kår i kvinneyrka, retten til å behalda yrke for gifte kvinner, litt om husmorskular og abort
Far hennar var prest og professor Edvard Sverdrup (1861–1923) og ho var niese til politikaren Jakob Liv Rosted Sverdrup. Mimi sin bror var general Leif Sverdrup (1898–1976) og halvbroren hennar Harald Ulrik Sverdrup (1888–1957) vart oseanograf. Ho var søskenbarn med mellom andre forlagsdirektør Harald Grieg (1894–1972) og forfattar Nordahl Grieg (1902–43). Ho var mor til professor i slaviske språk, Siri Sverdrup Lunden (1920–2003).
Verv og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Belønning frå Nansenfondet for avhandling om husmannsvesenet
- Nestleiar frå 1936 i Norsk Kvinnesaksforening under Margarete Bonnevie
- Leiar for den nystarta norske avdelinga av Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund (seinare Norsk Kvinneforbund) frå 1948
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1931 – Husmannslovgivningen i Norge, fra 1750 (Oslo: Eige forlag) [Hovedoppgave i historie - Universitetet i Oslo, 1931]
- 1937 – Vei og vogn (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Ved Mimi Sverdrup Lunden og Haakon Vigander. Historiske billedrekker 1]
- 1938 – Sjø og skib (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Ved Mimi Sverdrup Lunden og Haakon Vigander.]
- 1940 – Hårde tider har vi døyet (Oslo: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no [Redaktørar: Mimi Sverdrup Lunden og Rolv Thesen]
- 1940 – Klær : med historiske dokumenter og arbeidsoppgaver (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Ved Mimi Sverdrup Lunden og Haakon Vigander. Historiske billedrekker. 3. For den høgre skolen]
- 1941 – De frigjorte hender : et bidrag til forståelse av kvinners arbeid i Norge etter 1814 (Oslo: Tanum) I fulltekst ved nb.no
- 1944 – Kulturbilder : jordbruk, sjøfart, handel, byer (Oslo: Tanum) I fulltekst ved nb.no [Av: Wilhelm Kaurin og Mimi Sverdrup Lunden]
- 1946 – Kvinnen og maskinen : kvinnearbeidet i støpeskjeen (Oslo: N. K. L.'s forlag) I fulltekst ved nb.no
- 1948 – Barnas århundre (Bergen: Martinussen) I fulltekst ved nb.no
- 1948 – Den lange arbeidsdagen (Oslo: Tanum) I fulltekst ved nb.no
- 1949 – Hellas i dag (Oslo) [Av Lise Lindbæk og Mimi Sverdrup Lunden]
- 1952 – Pages de France : ekstemporallesning for gymnasiet (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Else Ljunggren og Mimi Sverdrup Lunden]
- 1957 – Foreningsarbeid : en håndbok (Oslo: N.K.L.'s forlag) I fulltekst ved nb.no
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 1950 – Yrkeskvinnen (Oslo: Halvorsen & Larsen) I fulltekst ved nb.no [Redaktør: Gjørol Munthe-Kaas. Av innhaldet: Yrkeskvinnen og framtiden / Mimi Sverdrup Lunden, s. 112-125]
Omsetjingar
[endre | endre wikiteksten]- 1937 – Lille Lord Fauntleroy (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Frances Hodgson Burnett. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1938 – Borte bra - hjemme best (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Käthe Miethe. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1940 – Fangen på Zenda (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Anthony Hope. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1940 – Anne fra Bjørkely (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Lucy Maud Montgomery. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1941 – Anne som frøken (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Lucy Maud Montgomery. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1941 – Den røde pimpernell blir brysom (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Emmuska Orczy. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1946 – Musketerenes siste bedrifter. 1 (Bergen: Brynildsen) I fulltekst ved nb.no [Av Alexandre Dumas. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1946 – Musketerenes siste bedrifter. 2 (Bergen: Brynildsen) I fulltekst ved nb.no [Av Alexandre Dumas. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1946 – Musketerenes siste bedrifter. 3 (Bergen: Brynildsen) I fulltekst ved nb.no [Av Alexandre Dumas. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1947 – Doktor Elizabeth : en skildring for unge damer av Elizabeth Blackwells liv : verdens første kvinnelige lege (Oslo: Tanum) I fulltekst ved nb.no [Av Laura Kerr. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1948 – Frendeløs (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no [Av Hector Malot. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1949 – Mord-labyrinten : et kurs i oppdagervirksomhet (Oslo: Hans Martinussens forl) [Av Philip MacDonald. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
- 1950 – Den sorte tulipan (Oslo: Dreyer) I fulltekst ved nb.no [Av Alexandre Dumas. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ole Johan Nilsen (22.9.1984). «På tomannshånd: Likestilling krever tid». Aftenposten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Wikipedia på bokmål
- Store norske leksikon