Per Tang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per Tang
Per Tang.jpg
Fødd 1. juni 1882
Hafslo
Død

31. oktober 1954

Per Tang (1. juni 188231. oktober 1954) var ein norsk offiser og kartograf. Han var frå Hafslo i Luster kommune. Tang tok eksamen frå den Militære høgskulen i 1907 og arbeidde i generalstaben frå 1909. Frå 1913 arbeidde han i Norges geografiske oppmåling, frå 1918 til 1948 som topograf. Tang grunnla grensearkivet til oppmålinga og bidrog til å fastsetja Norge sine administrative grenser. Han arbeidde også med å berekna arealet for norske fylke og kommunar. I 1946 var han konsulent for Kommuneinndelingskomitéen.

Tang var historisk interessert, og var ein av grunnleggjarane av Historielaget for Sogn i 1909, og av Sognelaget i Oslo i 1914. Han bidrog til ei rekkje bygdebøker, og han skreiv artiklar om Norges geografi til Norsk Allkunnebok.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1924 – Moe gård i Hafslo : efterkommere av Adam Hansen Reutz og Karen Munthe Rumohr (Bergen: Grieg)  [Særtrykk av: Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn, no 6, 1924]
  • 1936 – Norges inndelingsgrenser og deres avlegning på Norges geografiske opmålings karter (Oslo: Grøndahl) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1946 – Noko om bygdeinndelingar i Noreg i gamal og nyare tid : eit oversyn (Oslo: Kommuneinndelingskomiteen)
  • 1949 – Topografisk skildring av Land (Oslo)
  • 1950 – Nokre kjende slekter i Sogn og frå Sogn : eit oversyn (Leikanger: Ingvald Husabø prenteverk) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1952 – Om en revisjon av den kommunale inndeling m.v : prinsipielle retningslinjer : innstilling II fra Kommuneinndelingskomitéen : komitéen oppnevnt ved kongelig resolusjon av 31. oktober 1946 (Oslo: Justis- og politidepartementet) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1953 – Engerdalen herred : herredsbeskrivelse utarbeidet av kaptein Tang i 1916 (Flisa) Tilgjengeleg i bokhylla.no
  • 1955 – Hafslo : ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid (Leikanger: Ingvald Husabø prenteverk)

I tidsskrift -eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]