Asbjørn Gjengedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn Gjengedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. april 1940 (84 år)
Hyen
Yrke skribent, prest
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Asbjørn Magne Gjengedal (fødd 18. april 1940) er ein norsk prest og forfattar, fødd i Hyen i Gloppen kommune. Han er utdanna cand.theol. frå Menighetsfakultetet. Gjengedal arbeidde som feltprest i Bardu frå 1967, før han vart residerande kapellan i Breim i 1969. Han var sokneprest i Gloppen kommune frå 1976 til 1982. I 1982 tok han over som generalsekretær for Norges kristelige ungdomsforbund. I 1987 vart han sokneprest i Ålesund og prost i Nordre Sunnmøre prosti fram til 1996. Han var prostiprest i Nordfjord frå 1996 til 2007, og var mellom anna sjukehusprest ved Nordfjord sjukehus.

På slutten av 1990-talet drog Gjengedal til USA for eit lengre opphald. Han samla der informasjon om Abraham Vereide, som utvandra frå Gloppen 19 år gammal. Vereide vart ein markant skikkelse innan metodistkyrkja i USA og etablerte The Fellowship Foundation, og ein bøneseremoni som i dag er kjend som National Prayer Breakfast, eit nasjonalt årleg arrangement som trekkjer presidentar til talarstolen. Gjengedal samla og gjennomgjekk eit omfattande kjeldemateriale og gav ut ein biografi om Abraham Vereide i 2001 på Lunde Forlag.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 – Abraham Vereide : utvandraren frå Noreg som samla leiarar i Amerika og i andre land til frukost med bibel og bøn / (Oslo: Lunde). ISBN 82-520-3419-5
  • 2011 – Alv Nyland : eit fargerikt liv : festskriv ved 100års-minne om kunstmålar Alv Nylands fødsel (Sandane)  [Red.: Asbjørn Gjengedal, Jostein Bergheim, Oddvar Almenning. På omslaget: Alv Nyland 100 år : eit fargerikt liv]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]