Ottar Starheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ottar Starheim
Ottar Starheim.jpg
Fødd 16. mars 1946
Død

18. mai 2012

Yrke skribent

Ottar Starheim (16. mars 194618. mai 2012)[1] var ein journalist, redaktør og lokalhistorisk forfattar fødd på Stårheim i Eid kommune i Nordfjord. Starheim har sidan 1963 vore journalist i Fjordenes Tidende, VG og NRK Møre og Romsdal. I 1975 vart han styrar av NRK sitt nye kontor for Sogn og Fjordane i Førde. Kontoret starta eigne fylkessendingar i 1977. I 1979 vart Starheim den første distriktssjefen i NRK Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde fram til 1990. På 1990-talet arbeidde han i hovudsak med historiske program. Har frå 2001 vore forfattar av NRK Sogn og Fjordane sitt nettbaserte Fylkesleksikon. Fylkesleksikonet vart i 2009 utgjeve som bokverk på 3250 sider, fordelt på 4 bind (NRK Aktivum). Han har vore fotograf for ein stor del av dei 12000 bileta i bokverket. Starheim har fått Presseprisen for Sogn og Fjordane 2 gonger. Ottar Starheim har m.a. vore leiar i ungdomslag og idrettslag både på Stårheim, i Måløy og Førde. Han var styreleiar i Sunnfjord Skisenter AS under utbygging av alpinanlegget på 1980-talet, styreleiar i Førde Næringsutvikling AS, styreleiar i Stårheim Kraft AS. Starheim var busett i Førde.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 – Tida flyg : historiske flyfoto frå Sogn og Fjordane : basert på Johan Ottesens fotoarkiv (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-42-0
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 2. Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-27-0  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 3. Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-28-7  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 4. Stryn, Vik, Vågsøy, Årdal, Sogn og Fjordane (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-29-4  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]