Bernhard Færøyvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernhard Færøyvik

Ukjent fotograf.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1886
Død

26. oktober 1950 (64 år)

Yrke historikar

Bernhard Færøyvik (17. januar 188626. oktober 1950) var ein norsk båtgranskar og kysthistorikar. Han vart fødd i Solund i Sogn og døydde i Bergen.

Han tok artium i Bergen 1909, krigsskulen i 1910 og eksamen ved Volda lærarskule 1912. Han var deretter lærar i Volda til 1917, ved Baldersheim middelskole, Bergen 1917-19 og overlærar ved Tanks skole, Bergen 1919-1947.

Det som har gjort Bernhard Færøyvik kjend er arbeidet hans med dokumentasjon av tradisjonelle bruksbåtar. Gjennom pressa og på andre måtar tala han for at musea måtte ta vare på dei gamle båtane. Han starta å reise rundt for å studere gamle båtar. Han målte opp og laga konstruksjonsteikningar av båtar, naust og reiskapar til båtbygging.

Han fekk etter kvart stønad slik at han kunne ta seg mykje fri frå arbeidet i skulen. I 1938 vart han utnemnd til statsstipendiat, og i 1947 vart han konservator ved Norske museers landsforbund, avdeling for sjøbruk.

Etter først å ha samla stoff om, teikna og fotografert båtar på Vestlandet, heldt han fram heilt til Murmanskkysten. Han studerte og båtar på elvar og innsjøar. I tillegg besøkte han Sverige og Finland. Før han døydde i 1950 var han på granskingsferd til Shetland.

Bernhard Færøyvik etterlet seg eit stort materiale. Kona hans Aletta og sonen Øystein Færøyvik ordna dette tilfanget. Det meste av Bernhard Færøyviks samlingar finn vi no på Norsk Maritimt Museum (tidlegare Norsk Sjøfartsmuseum).

I samlinga er det om lag 350 teikningar av båtar, reiskapar og anna som gjaldt ferdsla på sjøen. Han tok og meir enn 1000 fotografi og let etter seg 56 notatbøker med skisser og opplysningar. Han skreiv 22 store og små artiklar i tidsskrift og om lag 50 i dagspressa.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1929 – Nordfjordbåten (Bergen: Norsk sjøfartsmuseum) I fulltekst ved nb.no  [Norsk sjøfartsmuseums årbok, skrift nummer 6]
  • 1929 - Sognebåten - Sognejekti: Norsk aarbok
  • 1931 - Båtane i Sogn og Fjordane : eit yversyn: Bergen Sjøfartsmuseum. Årshefte
  • 1934 - Sognebåten - Sognejekti: Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn
  • 1935 - Sunnmørsåttringen: Bergens sjøfartsmuseum. Årshefte
  • 1939 - Fiskarsoga for Sogn og Fjordane. Bergen, 1939. (Medforfatter)
  • 1943 - Fjørtoftbåtane: Bergens museums årbok. Historisk-antikvarisk rekke; 1943: 3
  • 1944 - Råseglsjakterna i Norge: Föreningen Sveriges sjöfartsmuseum i Stockholm, årsbok
  • 1979 – Inshore craft of Norway (Oslo: Grøndahl og Søn Forlag AS). ISBN 8250403738 I fulltekst ved nb.no  [Etter manus av Bernhard Færøyvik og Øystein Færøyvik, redigert av Arne Emil Christensen]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]