Eldrid Lunden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eldrid Lunden

Eldrid Lunden
Foto: Reidar Ekner
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. oktober 1940 (83 år)
Naustdal kommune
Yrke Professor i skrivekunst
Periode 1968-
Sjanger Lyrikk
Ektefelle Reidar Ekner
Debut F.eks. juli, 1968
Eldrid Lunden på Commons

Eldrid Lunden (fødd 5. oktober 1940 I Naustdal) er ein norsk lyrikar og professor i skrivekunst.

Ho er utdanna cand. philol. frå Universitetet i Oslo 1973, hovudoppgåva hennar i nordisk heitte Kvar gjekk Nora? : individualisme og kvinnesyn i tre norske drama. På 60-talet var ho del av Profil-krinsen, ei tid var ho også redaksjonsmedlem i Profil. Ho var med å starta opp forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, Bø i Telemark, frå 1982 var ho hovudlærar der, og i 1996 vart ho den fyrste professoren i skrivekunst i Noreg.

Forfattardebuten kom i 1968 med diktsamlinga f.eks. juli. Ho vert rekna som ein av våre fremste lyrikarar.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 – Kvifor måtte Nora gå? : nye essays og andre tekstar (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-18836-2
  • 2008 – Modernisme eller litterær populisme? : eit essay om Arne Garborg og Knut Hamsun (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-19452-8

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1993 – Signaler '93 : Cappelens årlige litterære revy (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-13072-7
  • 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag). ISBN 978-82-91462-06-6  [Inneheld dikt av Eldrid Lunden]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja). ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Mitt Sunnfjord / Eldrid Lunden]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Utnemning til St. Olavs Orden». Kongehuset. 7. april 2016. Henta 13. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Steinar Opstad (2012). Himmelretninger : essays om dikt og diktning. Oslo: Kolon. ISBN 978-82-05-42767-9.  [Av innhaldet: I gjennomlyttingen : om Eldrid Lundens Det omvendt avhengige]