Aboud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 'Abud)
Aboud
عابود, 'Aboud, Abboud
kommune
Aboud, sett frå sør
Namneopphav: Abud, førenamn, frå «å tilbe»[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°00′54.06″N 35°04′05.28″E / 32.0150167°N 35.0681333°E / 32.0150167; 35.0681333
Areal 15,0 km²
Folketal 2 084  (2006)
Folketettleik 139 / km²
Borgarmeister Elias Azar
Kart
Aboud
32°00′54″N 35°04′05″E / 32.015016666667°N 35.068133333333°E / 32.015016666667; 35.068133333333
Wikimedia Commons: Aboud

Aboud eller 'Abud (arabisk عابود, `Ābūd) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, Dei palestinske territoria, kring 22 kilometer nordvest for Ramallah og 30 kilometer nord for Jerusalem. Andre byar i nærleiken er al-Lubban i nordaust og Bani Zeid i nordvest. Folkesetnaden i Aboud er hovudsakleg kristne. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 2 084 innbyggjarar i 2007.[2] Nær landsbyen ligg mange naturlege kjelder som er kjelda til Yarkonelva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Her finst spor etter romarar, bysantinarar, krossfararar, ajjubidane, mamelukkane og osmanarane.[3] I krossfarartida vart han kalla Casale Santa Maria.[3] I 1225 skreiv Yaqut al-Hamawi om Aboud at han var ein «liten by i Filastin-provinsen, nær Jerusalem. Namnet er hebraisk, og har vorte arabifisert[4] Den arabiske historikaren al-Maqrizi nemnte staden på 1300-talet.[3]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Han var oppført i osmanske skattelister som ein del av Ramla nahiya i Gaza sanjak.

I 1596 hadde han eit folketal på 19 kristne hushaldningar og 16 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, og andre varer.[5] Han vart seinare ein del av provinsen Bani Zeid.[3]

I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Aboud og estimerte at han hadde kring 800 innbyggjarar, halvparten «skismatiske gerkarar» og halvparten muslimar.[6]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i «Survey of Western Palestine» landsbyen som «ein stor og blømande kristen landsby, i stein, og nesten alle husa er merka med ein raudfarga kross», med eit folketal på 400 ortodokse kristne og 100 muslimar.[7]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde Aboud eit folketal på 754, 402 kristne og 352 muslim.[8] I folketeljinga i 1931 hadde folketalet auka til 910, 470 kristne og 440 muslimar, i 215 hus.[9]

I 1945 var folketalet 1 080, alle arabarar, medan det samla landarealet var 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 4 843 for plantasjar og irrigert land, 1 905 for korn,[11] medan 55 mål var klassifisert som utbygde område.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 221
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.112.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 H. Taha (1997). «A salvage excavation at the 'Abudiyah Church in Abud – Samaria» (PDF). Liber Annuus 47: 359–374 and plates 17–20. 
  4. Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s. 382.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 156
  6. Guérin, 1875, s. 87 - 90
  7. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 289
  8. Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
  9. Mills, 1932, s. 47
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]