'Amran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå `Amran)
ʿAmrān
عمران
by
Land  Jemen
guvernement 'Amran guvernement
Distrikt Amran-distriktet
Koordinatar 15°40′N 43°57′E
Folketal 90 792  (2012)
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Kart
'Amran
15°39′0″ N 43°55′0″ E
Wikimedia Commons: Amran

ʿAmrān (arabisk عمران) er ein liten by vest i det sentrale Jemen. Han er hovudstaden i 'Amran guvernement og låg tidlegare i Sana'a guvernement. Han ligg 53 km med bil nordvest for den jemenittiske hovudstaden Sana'a.[1] I følgje ei folketeljing i 2004 hadde han eit folketal på 76 863, og eit estimert folketal på 90 792 i 2012.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd under det sørarabiske Himjar. Under det sabaeiske kongedømet blømde byen og det vart bygd ei festning her. På midten av 1800-talet vart det funne fleire bronsetavler frå den tida som i dag ligg i British Museum. På 600-talet var byen ein mektig by under kampar mot sabaeane. Funn av utskjerte steinar frå tidlegare tempel og palass vitnar om dette i dag. Det vart funne ein stor steininskripsjon ved den vestlege byporten (Bab al-Kabir). Dan gamle souqen er kjend for steinsøylene sine.[3] ʿAmram var heilt omgjeve av murar bygde i 1720. Landskapet kring byen er dominert av terrassar med steinmurar for å hindre erosjon av dei frodige markene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Maps (Map). Google Maps. 
  2. «Amran». World Gazetteer. Arkivert frå originalen 9. februar 2013. Henta 28. mai 2016. 
  3. Hämäläinen, Pertti (1. august 1999). Jemen. Lonely Planet. ISBN 978-0-86442-603-1. Henta 28. mai 2016.