«Aaron Manby»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Aaron Manby»
Karriere
Type: dampskip
Verft: Horseley Iron Works
Ferdigbygd: April 1822
I teneste: 1822–1855
Lagnad: Skrapa i 1855
Djupgang: 1,1 meter
Fart: 7 knop

«Aaron Manby» er det første dampdrivne stålskipet i verda. Det vart bygd i England i 1821 ved RotherhitheThemsen. Offiseren Charles Napier hadde ein visjon om ei rekkje dampdrivne skip på elva Seinen, og sette i verk bygginga av skipet.

Dei ulike skipsdelane vart laga ved Horseley Ironworks i Tipton i Staffordshire etter eit design utforma av kaptein Napier, ingeniøren Aaron Manby og sonen hans Charles. Delane vart deretter sende til Rotherhithe og sette saman der. Skipet fekk namn etter Aaron Manby, som var leiaren forHorseley Ironworks.

«Aaron Manby» var det første av i alt seks slike skip som trafikkerte Seinen på 1800-talet. Føremålet ved turane på Seinen var i all hovudsak av kommersiell art, anten det var frakt av passasjerar eller reine fornøyelsesturer. Det har vorte hevda at skipa var det første dampdrivne skipet til å kryssa Den engelske kanalen. Dette er feilaktig, sidan fleire dampdrivne trebåter hadde gjort den same bragden før «Aaron Manby». Skipet var derimot det første stålskipet til å segla ut i open sjø.

Skipet var ei kjempe på den tida, med ei vekt på 116 tonn og ei lengd på 120 fot. Motoren og padlehjula var designa av Henry Bell, ein oppfinnar og ingeniør som hadde skaffa seg ry etter designen av den dampdrivne trebåten «Comet». Padlehjula var 12 fot i diameter.

Etter at Charles Napier gjekk konkurs i 1827, fekk skipet franske eigarar og frakta til elva Loire, der det segla fram til 1855.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]