«Alexander L. Kielland»-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Del av eit av staga som brakk under ulukka. Denne er utstilt på Norsk Oljemuseum.
Foto: Jarle Vines

Alexander L. Kielland-ulukka var ei ulukke som hende 27. mars 1980flotellet «Alexander L. Kielland» velta ute i Nordsjøen. 123 av dei 212 som var om bord på plattforma døydde under ulukka. Frå sommaren 1979 hadde «Alexander L. Kielland» vore forankra like ved Edda-plattforma Edda 2/7 CEddafeltet sør for Ekofisk-senteret.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Kring klokka 18.30 om kvelden kunne dei som var om bord høyra nokre kraftige lydar frå understellet på plattforma. Like etter velta heile plattforma. Bølgjehøgda var på 8–10 meter, og det var sterk storm med orkan i vindkasta. Plattforma, som opphavleg var bygd for å tola bølgjer opp til 30 meter, krenga kraftig. Krenginga var opp til 40° – på kort tid. Berre 20 minutt etter at ein hadde høyrd dei første lydane, låg plattforma opp ned i det iskalde vatnet. Mange av arbeidarane var framleis inne i sjølve plattforma, både i middagssalen og i dei to kinosalane.

Telegrafisten rakk å senda ei kort naudmelding før han sjølv sprang til ein av livbåtane. Frå livbåten tok han, ved hjelp av ein VHF-sendar, kontakt med produksjonsplattforma Edda, og fekk veta at redningsaksjonen allereie var sett i gang. Gangbrua mellom «Edda» og «Alexander L. Kielland» var tidlegare på kvelden teken vekk, noko som var vanleg i dårleg vér, og då var det lite til hjelp at «Edda» låg berre 100 meter unna då ulukka fann stad.

Ulukka skjedde så snøgt at få greidde å få på seg redningsvest eller overlevingsdrakt. Nokre prøvde å nå livbåtane, men mange fall – eller hoppa av fri vilje – ned i det iskalde vatnet. Mannskapet på «Edda» stod hjelpelause og såg på det som hende.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Rett etter ulykka skjøna ein ikkje kvifor plattforma hadde velta. Det var først etter at delar av plattforma hadde vorte undersøkt på land at ein kunne danna seg eit bilete av kva som faktisk hadde vore årsak til ulukka.

Eitt av staga som heldt D-leggen på plass (ei av dei fem stålsøylene med pontongar nedst, som plattforma flaut på) hadde knekt på grunn av ein sprekk. Sprekken var truleg eit resultat av for dårleg arbeid ved verftet i Dunkerque i Frankrike, der «Alexander L. Kielland» vart bygd i 1976. Denne sprekken vart ikkje oppdaga før plattforma vart teken i bruk, og utvikla seg slik over tid. Ved ulykkestidspunktet hadde sprekken spreidd seg til 2/3 av staget, slik at det knekte og trykket på dei andre staga som heldt D-leggen oppe vart for stort.

Sjølv med berre 4 av 5 heile leggar å stå på, skulle plattforma i teorien takla bølgjehøgder høgare enn det var den kvelden. Trass i dette vart det 51 meter høge og 200 tonn tunge boretårnet, og det fire etasjar høge «hotellet» i tillegg til vindkasta, for mykje å halda oppe. Slik byrja plattforma å velta mot den sida der D-leggen opphavleg hadde vore.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]