«Blücher»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blücher med sterk slagside, etter å ha vorte treft av kanonskot og torpedoar frå Oscarsborg festning den 9. april 1940.

«Blücher» var eit tysk krigsskip oppkalla etter den prøyssiske generalfeltmarskalken og fyrsten Gebhard Leberecht von Blücher (1742–1819). Skipet vart sjøsett 8. juni 1937, og hadde åtte kanonar, 12 antiluftskyts og tolv torpedorøyr.

Skipet vart senka på veg inn i Oslofjorden om morgonen 9. april 1940 ved Oscarsborg festning, av to torpedoar frå Nordre Kaholmen. Meir kjent er skota frå 28cm kanonane Moses og Aron, men ingen av desse var fatale for «Blücher». Av mannskapet på 1308 menn omkom om lag 1000 i det kalde vatnet. Senkinga av «Blücher» sette seinka det tyske okkupasjonsforsøket. Resten av eskadren trudde sundet var minelagt (grunna torpedotreffa), og gjekk ikkje lenger inn fjorden. Senkinga gav norske styresmakter med kong Haakon VII i spissen tid til å flykta. Planen var at dei tyske skipa skulle koma inn til Oslo grytidleg på morgonen og ta den norske hovudstaden.

Vraket lekk olje og utgjer ein miljøtrussel for Drøbaksundet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]