«Brødrene af Sand»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Brødrene af Sand»
«Brødrene af Sand» ved Nesasjøhuset

«Brødrene af Sand» er ei Ryfylke-jekt som er bygt på Dokkskar i Yrkjesfjorden 1866 og som seinare gjekk på fart frå Østhusvik og Sand i Ryfylke. Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997, fekk ho restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter, og har frå 1999 brukt ho på ulike tokt i Boknafjord-bassenget. Dette er ei av dei aller siste Ryfylke-jektene som framleis flyt.

Nemninga «jekt» er ei lokal nemning på denne fartøytypen. I litterær og nasjonal språkbruk vil fartøyet bli kalla ei «jakt».

Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl, storsegl, breifokk og toppsegl. Rommet er innreidd med køyer og bysse.

Det er venneforeninga for «Brødrene af Sand» som har tatt hovudansvaret for vedlikehald og drift av jekta. Venneforeninga stiller med frivillig skipper og mannskap på turar. Det er plass til 20 personar om bord utanom mannskapet. «Brødrene af Sand» kan leigast for turar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]