«Hertha»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere
Namn: «Hertha»
Eigar: Chr. Christensen
Registreringshamn: Sandefjord
Verft: Rødsverven (A/S Framnæs Mekaniske Værksted), Sandefjord.
Sjøsett: 1884
Lagnad: Seld til Russland i 1914
Generelle mål
Tonnasje: 127 brt
Framdrift: Segl

«Hertha» var eit norsk seglskip og polarskute. Det vart sjøsett i 1884 og levert til Chr. Christensen i Røedsverven i Sandefjord same året.

Etter å ha blitt seld til A. J. Freberg i Sandefjord i 1886 vart det seld attende til AS Oseana ved Chr. Christensen i Sandefjord.

I 1893 og 1894 deltok skuta i den andre ekspedisjonen til Carl Anton Larsen til Antarktis med Carl Julius Evensen som kaptein. Målet var å leite etter område å drive kvalfangst i . Larsen var kaptein på «Jason» og Morten Pedersen var kaptein på «Castor», i tillegg til forsyningsskipet «Ørnen» med Carl Englund som skippar. Til saman deltok kring 100 mann på ekspedisjonen. Dei oppdaga fleire nye øyar og land, mellom anna Foyn Land, Chr. Christensens Island og King Oscar II Land. C.A. Larsen og Søren Andersen utførte den første skituren i Antarktis under ekspedisjonen. Dei fann mellom anna fleire fossil, men ikkje rettkval som dei leita etter.

Fram til 1909 hadde skuta fleire eigarar inn under AS Oseana, før ho i 1914 vart seld til Drammen og vidareseld til Russland.

Hertha Nunatak i Antarktis er kalla opp etter skipet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]