«Kista Dan»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere (Danmark)
Namn: «Kista Dan»
Eigar: J Lauritzen Lines
Verft: Aalborg Vaerft
Sjøsett: 1952
Teke ut av teneste: 1984
Lagnad: Opphogd 1998
Generelle mål
Klasse og type: Isbrytar
Daudvekt: 1250 tonn
Lengd: 64,89 m
Breidd: 11,2 m
Draft: 5,96 m
Fart: 12 knop
Rekkevidd: 14 500 nm
Kapasitet: 24 passasjerar

«Kista Dan» var ein isbrytar som vart nytta under opprettinga av dei to stasjonane til Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE), Davis og Mawson.

Skipet vart bygt ved Aalborg Vaerft i 1952 av det danske selskapet J Lauritzen Lines og var eit eksperimentelt skip på mange måtar. Det hadde eit sveisa isbrytar skrog og ei heilt lukka utkikkstønne med alle navigasjonsinstrument. I tillegg hadde ho spesialvern mot isen for ror og propell. Propellen var utstyrt med ein mekanisme som gjorde at han kunne reverserast.

«Kista Dan» hadde eit forsterka skrog for segling i isen som var utanom det som var standard for isbrytarar. «Kista Dan» var det første av skipa til Lauritzen med den skarpe raudfargen som i dag er vanleg på mange av polarflåtane.

Kista Rock er ei lita øy i Antarktis som er kalla opp etter skipet.

ANARE[endre | endre wikiteksten]

Kaptein på skipet under ANARE var Hans Christian Petersen. Under den første ANARE-reisa drog «Kista Dan» med forsyningar til Macquarie Island i desember 1953, før ho vitja Heardøya med forsyningar. Ho sette så mot Kerguelen for å søke etter ein høvande stad i Mac. Robertson Land for å opprette den første stasjonen til Australia på Det antarktiske kontinentet. Mawson Station vart oppretta 13. februar 1954.

I mars 1955 hadde skipet berre lett last og låg høgt i sjøen då ho vart råka av ein orkan utanfor Vestfold Hills, og skipet krenga mellom 45 og 72 grader. Fartøyet klarte ikkje å rette seg opp att fordi vatn hadde frose til is i røyra. Det ombygde Auster-flyet på dekket av skipet vart øydelagd. Skipet klarte seg og vart reparert.

«Kista Dan» var i teneste for ANARE fram til 1957 og vart erstatta av systerskipa «Thala Dan» og Magga Dan.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1967 vart «Kista Dan» seld av Lauritzen til Karlsen Shipping i Halifax i Nova Scotia og fekk namnet «Martin Karlsen». Ho vart då nytta i selfangstindustrien i kanadisk Arktis og Hudsonbukta. I 1979 vart det seld vidare til Bowring Steamship Company og omdøypt «Benjamin Bowring», og vart nytta under The Transglobe Expedition fram til slutten av 1982. Ekspedisjonen var den første som følgde ein lengdegrad kring heile jorda til lands, sjøs og på isen (inkludert begge polane) av Sir Ranulph Fiennes og Charles Burton.

I 1983 vart skipet seld til Halba Shipping i London og kalla «Arctic Gael», for å nyttast til sjåmåling og forsking, men ho låg i opplag til 1984, då ho vart seld til Freighters & Tankers i Hamilton og ho fekk namnet «Olimpiakos». Ho vart segla til den greske øya Kos og delvis ombygd til ein yacht av den greske skipseigaren John Goulandris og vart permanent i opplag.

I juni 1997 vart skipet seld til Polar Ventures Limited og styrt av Pete Wilkinson. Han planla å nytte skipet for å kontrollere forureining i antarktiske farvatn, men på grunn av alle åra i opplag var ho i dårleg tilstand og hadde mellom anna fått skade i skroget då ho råka kaien ho låg ved under ein storm. I tillegg var drivstofftankane forureina av vatn. Å reparere skipet vart for dyrt og Polar Ventures vart tvungen til å selje skipet i 1998 til tyrkiske opphoggarar der skipet til slutt vart opphogd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]