«N-25»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
N-25 før start på Svalbard.
Foto: Anders Beer Wilse

«N–25» var det eine av Roald Amundsen sine to Dornier Wal-sjøfly frå polferda hans i 1925. Til flyreisa mot Nordpolen i 1925 hadde Amundsen skaffa to flybåtar, «N–24» og «N–25». Historikarar er ikkje samde om det var det å vera fyrstemann på sjølve polpunktet som var målet, eller om ekspedisjonen skulle sondera terrenget for neste års ekspedisjon med luftskip.

Ferde vart delvis finansiert gjennem salet av dei såkalla polfrimerka.

Polferda[endre | endre wikiteksten]

Lincoln Ellsworth på Svalbard før avreisen

Den 21. mai 1925 starta Amundsen med fem mann i dei to flybåtane frå Ny-ÅlesundSpitsbergen. Ombord på «N–25» var Amundsen navigatør, Hjalmar Riiser-Larsen førar og Karl Feucht mekanikar. Ombord på «N–24» var Leif Ragnar Dietrichson førar, Lincoln Ellsworth navigatør og Oskar Omdal mekanikar.

Etter ca. åtte timar bestemde Amundsen seg for å landa for å kunna ta nøyaktig observasjon. Han fann ei tilstrekkeleg stor open råk, men under landinga vart den eine flybåten skadd såpass at han ikkje kunne brukast. Den opne råka lukka seg igjen av drivisen, og Amundsen og mennene hans fekk med stor innsats trekt «N–25» opp på eit isflak. Dei geodetiske målingane som vart tekne fastslo at dei var komne til 87° 44' nord. Det var 251 km att til Nordpolen.

«N–24» måtte etterlatast i isen. Etter å ha arbeidd med å stampa snø i 24 døgn for å få laga ein provisorisk startbane, makta dei å ta av 15. juni med alle seks ombord i same fly. Dei måtte etterlata all unaudsynt vekt og overføra bensin frå den etterlatne «N–24», Dei kunne ikkje overføra meir bensin enn for å kunna rekkja fram til NordaustlandetSvalbard, der dei vart redda neste morgon, då dei fekk dei auge på selfangstskuta «Sjøliv». Denne hadde observert Amundsen og hans menn og fekk teke flyet under slep. Det var umogleg å slepa flyet og detta vart etterlate i Brennevinsvinbukta nær Hinlopenstretet. Flygarane vart frakta til Ny-Ålesund. Få dagar seinare henta Hjalmar Riiser-Larsen flybåten og flaug han til Ny-Ålesund, der han vart heist om bord i kolbåten «Albr. W. Selmer». Denne frakta flygarane og flyet til Horten, og neste dag, den 5. juli 1925, flaug «N–25» med dei seks ombord til Oslo.

Seinare aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

N-25 over Oslofjorden, tilbake frå polferda

Hausten same år (1925) kom den australsk-britiske polarforskaren Hubert Wilkins for å vurdera eit kjøp av flybåten. Han var i ferd med å førebu flyging over Polhavet frå Alaska til Spitsbergen. Det vart ikkje noko av salet til Wilkins, og flyet vart liggjande oppankra i Bunnefjorden i Oslo.

I mars 1927 vart «N–25» brukt til å prøvefly ei rute frå Oslo til Harwich, via Kristiansand og Amsterdam. Deretter vart flyet selt til ein irsk flygar, Frank Courtney, som ynskte å bruka det på ein atlanterhavsflyging til New York og attende til Europa. Flyet vart registrert som G–EBQO og utstyrt med nye Napier Lion-motorar. Denne atlanterhavsflyginga vart likevel mislukka. Motorbrann førte til at Courtney måtte nødlanda 600 km før Newfoundland den 26. juni 1928. Courtney og mannskapet hans vart etter eit døgn på havet redda av S/S «Minnewaska» (truleg emigrantskipet med same namn frå Red Star Line). Flyet måtte etterlatast, men fem dagar seinare vart det heist ombord i den italienske lastebåten «Valprato», som òg hadde høyrt nødsignalet, og flybåten vart transportert til Italia.[1]

Deretter vart flyet selt til Tyskland og omregistrert som D-1422. Den nye eigaren var Wolfgang von Gronau, som brukte flyet til opplæring av pilotar ved flyskolen sin DVS Deutsche Verkehrsfliegerschule på øya Sylt i Austersjøen. I 1930 kryssa han Atlanterhavet med flybåten og landa i New York den 26. august 1930 som første fly frå Europa.[2] Det tidlegare «N–25» vart frakta med båt tilbake til Tyskland og brukt som skulefly fram til 1932, då det vart overført til Deutsches Museum i München. Her vart det totalt øydelagt under eit bombeangrep mot byen i 1944. Samstundes gjekk òg Dornier Do X tapt. Andre flyhstoriske klenodium gjekk tapt på same tida, mellom anna flyet til von Richthoven, «Den raude baronen».

Seremoni etter ankost til Oslo: Feucht, Omdal, Riiser-Larsen, Dietrichson, Amundsen og Ellsworth

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geschichte der Luftfahrt, av Kurt W. Streit, John W. R. Taylor Verlag Winnenden, (1975) sidene 151 - 154
  2. Dornier Wal av Heinz J. Nowarra, Stuttgart, (1993) Sidene 21–24 og 33–41

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
Nettstader