SS «Restauration»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå «Restauration»)
Restauration

Seglskipet «Restauration» (ofte omtala som «Restaurationen») var opphavleg ei jakt, bygd i Hardanger i 1801. Skipet er særleg kjend for å ha ført det første selskapet utvandrarar til USA i 1825.

Seglskipet vart ombygd («fortømra») til ein slupp i Egersund i tida 1815-1820. Namnet på skipet var først «Emmanuel», men etter ombygginga fekk sluppen namnet «Restauration». I 1825 reiste sluppen «Restauration» frå Stavanger med utvandrarar til Amerika. Ferda vart innleiinga til ei massiv norsk utvandring til Sambandsstatane (USA).

«Restauration» sigla frå Stavanger den 4. juli 1825 (nokre kjelder nemner 5. juli 1825) og kom til New York tre månader seinare, den 9. oktober, etter ei strabasiøs ferd. Skipet var på kring 39 tonn, 54 fot lang og 16 fot brei. Det var 52 menneske om bord, dei fleste kvekarar eller dissentarar. Kaptein på båten og leiar for «sluppefylgjet» var Lars Larson Geilane. Under turen fekk Larson og kona Martha ei jente som vart døypt Margaret Allen, etter ei kjend engelsk kvekarkvinne. Sluppefylgjet vart møtt av Cleng Peerson i New York, og slo seg ned ved Ontariosjøen i Kendall township i delstaten New York.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]