«Sæl»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Sæl» er ein norsk torpedobåt 1. klasse, bygd ved Marinens Hovedverft i Horten, sjøsett 1901. Deplasement 102 tonn, fart 21 knop, bevæpning 2 stk 37 mm kanoner og 2 torpedokanoner. Mannskap på 19 mann.

9. april 1940 låg «Sæl» i Brandasund, sjef var fenrik L. Gulbrandsen. Skipet patruljerte i området sør for Bergen utan å koma i kamp. Gjekk 12. april til Uskedal for å gå inn i Hardangerfjord sjøforsvarsavsnitt. Gjekk 18. april ut for å stanse tre tyske torpedobåtar som kom sørover gjennom Lukksund. «Sæl» vart alvorleg skada etter intens kamp, men sjefen greidde å setja båten på land og mannskapet berga seg. Båten sokk seinare på dagen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]