À

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

À (A med grav aksent, liten bokstav à) er ein bokstav som vert nytta i fleire språk. Det er ikkje noko språk som ser på denne bokstaven som ein eigen bokstav, han vert sett på som eit avbrigde av a. På fransk vert han nytta til å skilja ord som elles ville vore uttala likt (styreordet à og bøyingsforma a av verbet avoir). I pinyin-systemet for å skriva kinesisk med latinske bokstavar tyder à ein fallande tone og i vietnamesisk ein låg, fallande tone. På italiensk vert han nytta til å syna at det skal leggjast trykk på ei staving.