Água de Pau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Água de Pau
fjell
Lagoa do Fogo.jpg
Lagoa do Fogo
Land {{landdata São Miguel i Asorane landflagg2 namn = São Miguel i Asorane variant = storleik =

}}

Fjellkjede Stratovulkan
Høgd 947 moh moh.
Siste utbrot 1564
Koordinatar 37°46′00″N 25°28′00″WKoordinatar: 37°46′00″N 25°28′00″W

Água de Pau er ein stratovulkan som ligg sentralt til på øya São Miguel i Asorane. Han hadde utbrot mellom 30 000 og 45 000 år sidan og har danna ein kaldera som er 7 km lang og 4 km brei. Ein indre kalder er 4 km lang og 2,5 km brei og vart danna for 15 000 år sidan. Den yngre, indre kalderaen er delvis fylt opp av ein kratersjø kalla Lagoa do Fogo. Fram til 5000 år sidan var det aktivitet i kalderaen og fleire lavadomar vart danna på nord- og vestsida.

Nokre av sinderkjeglene på sida har danna sirkelforma sprekksystem. Nokre av dei har vore aktive i historisk tid. Det siste kjende utbrotet var i 1564. Framleis er det varmekjelder på nordvestsida av vulkanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]