Álagablettur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Álagablettur er i fylgje gamal islandsk folketru ein stad der overnaturlege vesen held til eller ferdast.[1] Álagablettur vart ofte sett i samanheng med haugfolk og alvar, gamle gravhaugar, kyrkjegardar eller stadar der eit brotsverk hadde vorte utført. Slike stadar vart underlagt ymse forbod mot å forstyrra staden, og ein trudde før i tida at det ville føra med seg uhell om ein braut desse. Det kunne til dømes vera at ein ikkje kunne slå graset der, plukka bær eller kasta stein på staden. Om ein forbraut seg mot forbodet kunne det føra til ymse ulykker, som sjukdom på krøtera, eller at dei kreperte. Álagablettur var ofte, men ikkje alltid, knytt til ei segn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Swatos, William H.; Loftur Reimar Gissurarson (1997). Icelandic spiritualism : mediumship and modernity in Iceland. New Brunswick, N.J.: Transaction Publishers. s. 46–47. ISBN 978-1-56000-273-4.