Älvsnabben

Koordinatar: 58°59′03″N 18°11′01″E / 58.98429°N 18.18369°E / 58.98429; 18.18369
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°59′03″N 18°11′01″E / 58.98429°N 18.18369°E / 58.98429; 18.18369

Treutskjering av Älvsnabben frå Historia de gentibus septentrionalibus av Olaus Magnus, 1555.

Älvsnabben er ei lita øy nær Muskö i øyane sør for Stockholm i Sverige. Namnet syner òg til ei naturleg hamn, som eigentleg heiter Älvsnabbsbassängen, mellom dei fire øyane Älvsnabben, Bjurshagslandet, Kapellön og Gubbholmen. Älvsnabben (då Alæsnap) vart nemnd som ein ankerplass så tidleg som på 1200-talet, då ein del av ei seglrute i mellomalderen, i Kong Valdemars jordebok av kong Valdemar II. Hamna vart òg nytta av Hansaen, som kalla staden Elsnaben. Frå regjeringstida til kong Erik XIV av Sverige, vart han nytta som base for den svenske marinen.

Älvsnabben var basen for marineoperasjoane og utskipinga av svenske soldatar til Tyskland under trettiårskrigen og gjennom 1600-talet. Under Gyldenløvefeiden i 1675-1679 leid Sverige ei rekkje nederlag mot dei danske og nederlandske flåtane, delvis sidan Stockholm og Älvsnabben var innelåst av is på vinteren og tidleg på våren. Etterk rigen vart marinebasen til den svenske marinen flytta til nygrunnlagde Karlskrona i Blekinge i Sør-Sverige, som passa betre for å stå imot trugselen frå den danske marinen, som var hovudfienden til Sverige i Austersjøen.

På 1900-talet vart Älvsnabben igjen militærområde då Muskö marinebase vart utbygd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]