Åbit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åbit er ei tradisjonell nemning for den første matbiten ein et om morgonen. Åbit er eit lett måltid, til skilnad frå frukosten som ein et litt seinare og som ofte er eit tyngre måltid. Ordet er samansett av norrønt ár ('tidleg') og bit ('munnfull').

Ein tradisjonell åbit kunne vere ei brødskive med sirup og en kopp kaffi, men nokre stader var det vanleg å ete ei spekjesild til åbit.

Åbiten høyrer til den skandinaviske bygdekulturen, og til eit liv med tungt kroppsarbeid og stort matinntak. I det moderne kosthaldet er åbiten fall inn under frukosten, og ordet kan verte bruka som eit synonym til frukost.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Reidar Svare (1973): Frå gamal tid - tru og tradisjon i Vefsn Bygdebok, særbind II.