Ådal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viker kyrkje i Vestre Ådal
Foto: Tove Frøvoll Thoresen
Sperillen
Foto: Tor Lundgren
Ådalselva (Begna) i vårflaum ved Hønefossen
Foto: Tom Bjørnstad

Ådal er eit dalføre i Ringerike kommune. Dalen strekkjer seg nordover frå Semmen i sørvest og Nymoen i søraust, langs begge sider av Ådalselva (del av Begna), Sperillen og europaveg 16, opp til grensa mot Sør-Aurdal kommune i Valdres i nord og Søndre Land, Gran, Lunner og Jevnaker kommune i nordaust og aust, alle fem i Oppland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ådal var eigen kommune (herad) frå 1857 til den store kommunesammenslåinga i 1964, då dei tidlegare landkommunane Ådal, Norderhov, Tyristrand og Hole slo seg saman med bykommunen Hønefoss til storkommunen Ringerike. Hole trekte seg ut av storkommunen igjen og vart på nytt eigen kommune frå 1977.

Det er kjent at det fanst minst to stavkyrkjer i dalen før svartedauden i 1349-1350, ei i Viker og ei på Hvalshaugen ved Hallingby. Før reformasjonen i 1536 høyrte folkesetnaden i dalføret til Norderhov prestegjeld, men etter dette vart Viker kyrkje (den gamle stavkyrkja), som på den tida truleg var den einaste kyrkja i dalen, annekskyrkje til Hole kirke, som sjølv vart annekskyrkje til Norderhov kyrkje. Denne situasjonen varte til like før år 1600, da Hole prestegjeld gjenoppstod. Kyrkja i Viker vart då annekskyrkje under Norderhov, ein situasjon som varte til Ådal prestegjeld vart oppretta i 1857 (då dalen vart eigen kommune). Viker kyrkje vart då soknekyrkje, men etter kvart som det vart bygd nye kyrkjer i både Nes i Ådal (1860) og på Hallingby (1862), overtok Hval kirke på Hallingby som hovudkyrkje i gjeldet, som i dag har tre sokn.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vest i dalføret ragar Ådalsfjella langs grensa mot Strømsoddbygda i nabodalen Soknedalen, og i nord mot segnomsuste Vassfaret og Vidalen, der den gamle kongevegen snor seg mot Hedalen og Valdres. Nord i desse fjella ligg òg Gyranfisen (1 127 moh.) og Treknatten (1 101 moh.), dei to høgaste fjelltoppane i Ringerike. Frå Skollerud er òg vegen kort til den segnomsuste Tjuvenborgen sør i Ådalsfjella. Aust i dalføret stig landskapet inn mot åsdraga på fylkesgrensa til Oppland, der det finst fleire flotte vatn, inkludert Vælsvatna i Ådal, Samsjøen og dei vestlege delane av Fjorda.

Medan Ådalselva dominerer nedre del av dalføret er det Sperillen som dominerer øvre del. Sperillen er den nest største innsjøen i Ringerike, etter Tyrifjorden. Innsjøen har tilsig frå elvene Begna og Urula i nord, og utgjer saman med delar av Ådalselva ein ynda stad for sportfiskarar. I Sperillen har det tradisjonelt òg vore drive med yrkesfiske gjennom mange tiår, spesielt etter sik. Den såkalla sperillsiken held nemleg høg kvalitet og vert nytta til å lage rakfisk. E16 går langs austsida av elva og Sperillen, medan den såkalla Vestsideveien (fylkesveg 172 i Buskerud) strekkjer seg langs vestsida av dalføret, opp til Elsrud der vegen stoppar.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Dalføret vert ofte delt inn i tre ulike område: