Ådlandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°15′12.391″N 5°38′14.496″E Ådlandsfjorden er ein fjordarm av Fusafjorden og Bjørnafjorden mellom Samnangerfjorden i vest og Eikelandsfjorden i søraust. Fjorden har innløp mellom Storholmen på sørspissen av halvøya Bogøya i vest og Altanesodden på enden av Altaneset i aust. Det meste av fjorden ligg på austsida av Bogøya.

Fjorden strekkjer seg 6,5 km nord til Holmefjord inst i fjorden. På vestsida av fjorden, om lag halvvegs inn i fjorden, ligg grenda Samnøya på Bogøya. Rett utanfor ligg holmane Samnøyholmen og Ådlandsholmen. Nordaust for Ådlandsholmen ligg grenda Ådland, som har gjeve namn til fjorden. Nord for Ådland ligg Skoravågen med ei lengd på 600 m.