Ågårdselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ågårdselva er, saman med Mingevannet og Visterflo, eit sideløp til Glomma i Sarpsborg kommune, og er dermed ein del av Glommavassdraget. Elva spring ut frå Mingevannet ved Trøsken, renn gjennom Sølvstufossen, og munnar ut i Visterflo nedanfor Solli. På 1800–talet var Ågårdselva ei viktig kraftkjelde for Sanne Solli Brug som i ein periode var eit av dei største sagbruka i Nord-Europa. I dag er Ågårdselva best kjent som ei god lakseelv.

Ågårdselva nedanfor Sølvstufoss
Laksefiske i Ågårdselva
Det rekonstruerte vasshjulet

Sølvstufoss[endre | endre wikiteksten]

Området ved Sølvstufoss er vilt og vakkert, og for Østfold eit særprega landskap. Frå aust kjem ein til Sølvstufoss ved å starte ved Agnalt skole og følgje kjerrevegen vestover forbi den gamle husmannsplassen Grøtet. Ein kan òg starte turen på Bådstangen og gå frå der på ein merka natursti. Ved Sølvstufoss kan ein krysse Ågårdselva på ei gangbru som spenner rett over fossen. Da brua vart bygd i 1986 erstatta ho den gamle hengebrua som vart rive. For å kome til Sølvstufoss frå vest kan ein følgje stien frå Isnes, eller skogsbilvegen frå Stikka.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Ågårdselva er kjend for å vere ei god lakseelv. Fiske etter laks er lov f.o.m. 1. juni t.o.m. 31. august mot løysing av fiskekort. Fisketida gjelder òg for innlandsfisk. Fangst av laks og sjøaure er berre lov med stong. Fiske frå båt er ikkje lov i Ågårdselva. Om ein får laks eller sjøaure under 35 cm skal han settast ut igjen.

Tunefloga[endre | endre wikiteksten]

Tunefloga er ein blodsugande knottart som har fått namnet «Tuneflue» fordi ho vert klekt i den delen av Glommavassdraget som ligg i tidlegare Tune kommune – Ågårdselva. Tunefloga har eksistert i fleire tiår, men storleiken på bestanden har variert noko frå år til år, dels på grunn av naturlege svingingar og dels på grunn av at vasstanden i Ågårdselva varierer. Tunefloga kan lokalt opptre i store mengder i ein 2–3 vekers periode rundt St.Hans. Vaksne tunefloger kan fly 10–15 km, så ho opptrer derfor òg i nabokommunane. Dei siste åra er det arbeida systematisk for å kjempe mot tuneflogeklekkinga i Ågårdselva, mellom anna gjennom manipulering av vassføringa i elva.

Sagbruket[endre | endre wikiteksten]

Ved foten av stryka nedanfor Sølvstufoss låg på 1800–talet eit av dei største sagbruka i Nord-Europa – Sanne & Solli Brug. Alt på 1600–talet vart det skore tømmer på bruket, og i perioden 1860–1880 hadde Sanne & Solli Brug 22 oppgangssager og ca 600 arbeidarar. I 1925 vart drifta nedlagt. I dag har naturen tatt tilbake det gamle industriområdet og svartora står tett der sagbruksbygningane låg for hundre år siden. Dei mange grunnmurane og pilarane viser framleis storleiken av anlegget, og ein kopi av vasshjulet som drog fram tømmeret til sagbruka er bygd.

Kunstgalleriet[endre | endre wikiteksten]

Kunstgalleriet Soli Brug er ein populært stad for kunstutstillingar. Utstillingane vert halde to gonger i året, i juni og desember. Kvar utstilling varer i 2 veker og vert vitja av rundt 15 000 menneske frå heile Austlandet. Soli Brug vert eigd og drive privat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]