Hopp til innhald

Åge Hareide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åge Hareide


StatsborgarskapNoreg
Fødd23. september 1953
Hareid
Død 18. desember 2025 (72 år)
Molde kommune
Idrettfotball
Utmerkingar Kniksens hederspris, ridder av Dannebrogordenen, Norges Fotballforbunds gullmerke

Åge Fridtjof Hareide (23. september 195318. desember 2025)[1][2] var ein norsk fotballspelar og seinare fotballtrenar.[3] Han hadde mangeårig bakgrunn frå norsk og internasjonal fotball, både som spelar og trenar. I 2017 vart han tildelt Kniksenprisen,[4] og i 2019 vart han kåra til årets danske fotballtrenar for 2018 og 2019.[5]

Hareide var utdanna revisor og arbeidde i bank og som styreleiar i eit reiarlag i tillegg til å vere proffspelar.[6]

Karriere som spelar

[endre | endre wikiteksten]

Hareide vaks opp på Hareid og byrja i Idrottslaget Hødd, der han vart A-lagsspelar i 1970. Etter fem sesongar gjekk han til Molde, der han etablerte seg som stoppar og vart kåra til årets spelar i norsk fotball av VG i 1980. I 1981 vart han den andre nordmannen i moderne tid som vart profesjonell i England, først i Manchester City og seinare i Norwich City.

Hareide spelte totalt 50 landskampar for Noreg mellom 1976 og 1986, og returnerte til Molde Fotballklubb i 1984 før han avslutta karrieren i 1987.

Karriere som trenar

[endre | endre wikiteksten]

Hareide har vore trenar for Molde Fotballklubb, Helsingborgs IF, Brøndby IF, Rosenborg Ballklub, Örgryte IS og Viking FK. Han trente Helsingborg og Rosenborg til seriemeisterskap, og Molde, Helsingborg og Rosenborg til kvar sine cupmeisterskap.

Etter den korte proffkarrieren i England gjekk han tilbake til Molde, der han først var spelar, og frå 1987 trenar. Samstundes arbeidde han i bank, var vararepresentant for Høgre i bystyret og styreleiar for eit fiskebåtreiarlag. I den andre trenarperioden i Molde leidde han klubben til cupmesterskap i 1994, etter siger mot LynUllevaal. I semifinalen vart seriemeister Rosenborg slått ut.

Før Brøndby vart seriemeistrar i 2002 (den første seriemeisterskapen sidan 1998), slutta Hareide som hovudtrenar for å gå inn i eit «fotballsølibat». Hareide makta difor aldri å føre Brøndby til seriemeisterskap i perioden sin som hovudtrenar i klubben. «Fotballsølibatet» varte i to dagar, før han tok over jobben som trenar for Rosenborg, etter Nils Arne Eggen. I sesongen 2003 tok Rosenborg både serie- og cupmeisterskap under leiinga hans. Då Nils Johan Semb gjekk av som landslagstrenar, vart Åge Hareide lansert som den einaste reelle kandidaten. Han var under kontrakt med Rosenborg, men takka først ja, og deretter nei då han såg kor mykje bråk dette førte med seg. Det vart mykje oppstyr både i trønderklubben og i media. Den sportslege leiaren i Rosenborg, Rune Bratseth, uttala til media at «Åge Hareide har blitt uspiselig for oss», og dermed fekk han forlate klubben til fordel for landslagsjobben. Bragda med seriegull i tre ulike land deler han med Giovanni Trapattoni, Trond Sollied, Sven-Göran Eriksson og José Mourinho.

Frå 2003 til 2008 var han trenar for det norske herrelandslaget i fotball, ei stilling han tok over etter Nils Johan Semb. Hareide trekte seg som landslagssjef 8. desember 2008, etter eitt av dei svakaste åra nokon gong for det norske landslaget. Landslaget gjekk gjennom 2008 utan å vinne ein einaste kamp, noko som ikkje hadde skjedd sidan 1978.[7]

Hareide gjekk til den svenske klubben Örgryte IS i 2009, i eit forsøk på å berge klubben frå nedrykk.[8] Örgryte IS rykte ned, og 1. desember 2009 gjekk Hareide til Viking FK, der han erstatta Uwe Rösler.[9] Viking kunngjorde etter at Egil Østenstad slutta som fotballdirektør i Viking FK, at Hareide ville bli manager i klubben,[10] og at Josep Clotet Ruiz ville ta over som trenar,[11] i tråd med strukturen ein finn i engelske klubbar, og som Molde FK hadde, med Ole Gunnar Solskjær som manager og Mark Dempsey som trenar.[12]

Hareide som Malmö-trenar i 2014.
Foto: Holger Motzkau

Då Conny Carlson trekte seg som trenar for Helsingborgs IF i juni 2012, tok Hareide over som trenar for resten av 2012-sesongen.[13] Etter at kontrakten gjekk ut, flytta han tilbake til Molde. I juni 2013 vart Hareide tilsett som dagleg leiar i Aukra næringsforum, og uttala at han var ferdig som fotballtrenar for godt.[6] Men 9. januar 2014 vart det kjent at han ville ta over som hovudtrenar for Malmö FF. Han leidde laget fram til seriegull i Allsvenskan for andre året på rad, og dei sikra serietittelen tre rundar før slutt.[14] Malmö gjorde det òg godt i Meisterligaen, der dei kvalifiserte seg til gruppespelet, og i november vart han kåra til «Årets trenar» i Allsvenskan.[15]

Morten Olsen trekte seg som landslagstrenar for det danske herrelandslaget i fotball då dei ikkje greidde å kvalifisere seg til EM i fotball 2016, og Hareide vart presentert som ny landslagssjef 10. desember 2015.[16] Den første kampen hans var 24. mars 2016, då Danmark slo Island 2–1. Danmark deltok i Sommar-OL 2016, der dei vart slått ut av Nigeria i kvartfinalen etter tap 0–2. Hareide greidde å få Danmark kvalifisert til VM i fotball 2018, der dei tapte åttandelsfinalen mot Kroatia etter straffesparkkonkurranse.

I februar 2020 vart Hareide kåra til «Årets trenar» i Danmark for 2019 av dei andre fotballtrenarane i Danmark, for andre året på rad.[17][18] Danmark vart ikkje kvalifisert til Sommar-OL 2020. Avtalen hans med det danske fotballforbundet gjekk ut sommaren 2020, med planar om å leie Danmark gjennom sluttspela i EM i fotball 2020 (fram til 1. august), men då meisterskapen vart utsett til 2021 på grunn av koronapandemien, fekk han i mars melding om at han hadde leia sin siste kamp som dansk landslagstrenar.[19] Han enda med 42 kampar som dansk landslagstrenar, med 21 sigrar, 18 uavgjorde og tre tap.

Då Hareide avslutta arbeidet med det danske landslaget, vart han utnemnd til riddar av Dannebrogordenen.[20]

Tilbake til Rosenborg

[endre | endre wikiteksten]

Den 18. august 2020 vart Hareide tilsett som ny hovudtrenar for Rosenborg Ballklub.[21] I juli 2021 vart det kjent at Hareide hadde bestemt seg for å pensjonere seg som fotballtrenar ved sesongslutt.[22][23]

Comeback og tilbake til Malmö FF

[endre | endre wikiteksten]

Den 6. september 2022 vart Hareide tilsett som hovudtrenar for den svenske klubben Malmö FF ut 2022-sesongen, og gjorde med det comeback frå pensjonisttilværet.[24][25] I oktober 2022 uttala han at han no kjende seg ferdig, og at han ville gi seg som trenar etter sesongen.[26]

I 2023 gjorde Hareide endå eit comeback, då han 14. april 2023 vart tilsett som ny landslagstrenar for Island.[27][28]

Faren og den eldre broren var sjømenn og hadde lita interesse for fotball. Hareide har tidlegare uttalt at faren var ein av dei første på Newfoundland, at han hadde slege i hel sel i Kvitsjøen, jakta kvalross og isbjørnSvalbard og drive sildefiskeIsland.

Midt på 1980-talet gav Olaus Brunvoll ut boka Åge Hareide, som handla om oppveksten og opphaldet i England. Boka skapte overskrifter i Noreg, særleg om oppvarminga dei hadde i England, der dei sette seg på radiatoromnar eller i badekaret. Før dei sprang ut på bana, fekk alle ein slurk engelsk brandy. Dette vart gjenteke i pausen.

I 1981 stilte fotballpersonlegdomen Tom A. Schanke med stortingsliste, med Hareide som fiskeriminister. Dette var ikkje ei alvorleg tilnærming til regjeringsmakta, men Hareide har tidlegare uttalt at dersom han ikkje lukkast med Noregs landslag, ville draumejobben vere fiskeriminister i regjeringa.

I november 2025 gjorde familien offentleg at Hareide hadde fått diagnosen hjernekreft i juli same året.[29] Åge Hareide døydde 18. desember 2025, 72 år gammal.[30]

Karriere som spelar

[endre | endre wikiteksten]
Klubb Kamper* Mål* Periode
Noreg Hødd 37** 2** 1970–1975
Noreg Molde 81** 21** 1975–1981
Manchester City 24 0 1981–1982
Norwich 40 2 1982–1984
Noreg Molde 72 10 1984–1987

* Berre seriekampar.
** Berre eliteseriekampar.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Johannes Gustavsen. «Åge Hareide er død – 72 år gammel» (på norsk bokmål). TV2. Henta 18. desember 2025.
  2. Andreas Hopen & Knut Espen Svegaarden. «Fotballegenden Åge Hareide er død» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 18. desember 2025.
  3. «Åge Hareide» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. «Kniksens hederspris til Åge Hareide». NRK (på norsk). Henta 28. november 2017.
  5. Bergh,NTB, Nicholas (3. mars 2019). «Åge Hareide advarer Manchester United». adressa.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 5. mars 2019.
  6. 1 2 «Slutter som fotballtrener – skal jobbe med næringsliv». e24.no (på norsk bokmål). 6. mai 2013. Henta 24. november 2025.
  7. Elster, Kristian (8. desember 2008). «Åge Hareide går av». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  8. Grimen, Bjørn (18. november 2009). «Hareide kan bli Viking-trener». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  9. «Åge Hareide endelig bekreftet i Viking» Arkivert 22. desember 2008 på Wayback Machine., av Per Steinar Markussen, fotballmagasinet.no, 1. desember 2009. Besøkt 2. juni 2014.
  10. NTB (9. september 2011). «Hareide blir Viking-manager». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  11. «Spanjol blir ny Viking-trener». VG (på norsk). 20. oktober 2011. Henta 24. november 2025.
  12. Scanpix, Foto: (9. september 2011). «Spillerne liker ny trenermodell». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  13. Helsingborgs IF - Coony slutar och Åge Hareide tar över för hösten, besøkt 7. november 2014.
  14. NTB (5. oktober 2014). «Hareide seriemester i Sverige». Nettavisen (på norsk). Henta 24. november 2025.
  15. «Hareide kåret til årets trener i Allsvenskan». Dagbladet (på norsk bokmål). 6. november 2014. Henta 24. november 2025.
  16. Kvam, Synne (10. desember 2015). «Åge Hareide bekreftet som ny dansk landslagssjef». Dagbladet (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  17. Saltvedt, Jan Petter (18. mars 2020). «Mest av alt en fjellape». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  18. Brøste, Martin (26. februar 2020). «Hareide trodde han skulle i et vanlig intervju - ble overrasket med gjev pris». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  19. Strøm, Ole Kristian (19. november 2019). «Hareide etter suksessen: Etterlyser forklaring på hvorfor han får fyken». VG (på norsk). Henta 24. november 2025.
  20. NRK (20. august 2020). «Hareide slått til ridder i Danmark». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  21. «Åge er tilbake». Rosenborg (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  22. Sander, Didrik Søreide Kjær, Stian With, Christian Grieg (1. juli 2021). «Pensjonerer seg». dagbladet.no (på norsk). Henta 8. desember 2023.
  23. Johannesen, Bjarte (1. juli 2021). «Åge Hareide sier nei til ny Rosenborg-sesong». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. desember 2023.
  24. «Åge Hareide huvudtränare säsongen ut». Malmö FF (på svensk). 6. september 2022. Henta 24. november 2025.
  25. «Åge Hareide tar over Malmö: – Jeg er jo gal som går inn i dette igjen». www.vg.no (på norsk bokmål). 6. september 2022. Henta 8. desember 2023.
  26. «Hareide bekräftar själv: Slutar som tränare». www.aftonbladet.se (på svensk). 25. oktober 2022. Henta 8. desember 2023.
  27. «Åge Hareide nýr þjálfari A landsliðs karla». www.ksi.is (på islandsk). Henta 24. november 2025.
  28. NTB (14. april 2023). «Bekreftet: Åge Hareide ny landslagssjef for Island». VG (på norsk). Henta 24. november 2025.
  29. Sande, Egil (24. november 2025). «Åge Hareide har fått hjernekreft: – Kom som et sjokk». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. november 2025.
  30. Hopen, Andreas; Svegaarden, Knut Espen (18. desember 2025). «Fotballegenden Åge Hareide er død». VG (på norsk). Henta 18. desember 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Åge Hareide