Åge Simonsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åge Simonsen
Fødd3. mars 1953
Stavanger kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkebiolog, zoolog
Alma materUniversitetet i Bergen

Åge Simonsen (fødd 3. mars 1953 i Stavanger) er ein norsk biolog, zoolog og tidlegare saksbehandlar i Norges Miljøvernforbund.

Simonsen er utdanna zoolog, dr. scient, ved universitetet i Bergen, og har som einaste i Noreg doktorgrad på leddyrgruppa tusenbein. Han har i tillegg grunnfag i fysikk, kjemi samt mellomfag i matematikk. Han har vore leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen og landsstyremedlem av Norsk Studentunion. På same tid hadde han ein rekkje politiske verv i Sosialistisk Venstreparti.

Han var tilsett som fagansvarleg for naturvern i Norges Miljøvernforbund fram til han vart sagt opp i mai 2009. Simonsen hevda at oppseiinga var grunnlaus, men tapte både i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett. Anken til Høgsterett vart avvist av Høgsteretts ankeutval.

Han er tvillingbror til politikaren (tidlegare Frp) Jan Simonsen.