Åge Starheim
Utsjånad
| Åge Starheim | |||
| Åge Starheim Foto: Bård Gudim / FrPMedia | |||
| Fødd | 23. mai 1946 (79 år) Eid | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Framstegspartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Åge Starheim (fødd 23. mai 1946) er ein norsk politikar som representerer FrP. Han vart vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 2005. Starheim vart då den første FrP-representanten som er vald på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Starheim er formann i Selje og Sogn og Fjordane FrP.
Starheim har vore medlem av Selje kommunestyre sidan 1976 og var ordførar i Selje i perioden 1984–1989. Han representerte då Høgre.
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 2005 – 2009 medlem av Kommunal- og forvaltningskomitéen.
- 2005 – 2009 medlem av Valkomitéen.