Åge Sten Nilsen
Åge Sten Nilsen | |
![]() Åge Sten Nilsen - Wig Wam | |
Fødd | 22. november 1969 (53 år) |
---|---|
Fødestad | Sarpsborg, Noreg |
Fødenamn | Åge Sten Nilsen |
Alias | Glam |
Opphav | Noreg |
Aktiv | 1998 - i dag |
Tilknytte artistar | Trond Holter Bernt Jansen Øystein Andersen |
Åge Sten Nilsen (fødd 22. november 1969) er ein norsk rockeartist. Han er kjent som songar i bandet Wig Wam der han brukar artistnamnet «Glam». Åge Sten Nilsen er frå Sarpsborg, men bur no i Fredrikstad.
Nilsen drev tidlegare med sport, fotball og handball, men er òg ein habil teiknar. Etter gjennombrotsåret 2005 då Wig Wam deltok i Melodi Grand Prix, kan han og gruppa no leve av musikken.
I 1998 under artistnamnet "g-sten", deltok han i Melodi Grand Prix med songen «Always Will». Han kom på 3. plass med 31 poeng.
Nilsen gav ut albumet "g-sten" under artistnamnet "g-sten" i 2000. Dette albumet vart spelt inn på nytt i 2006 og sloppe i desember same år. Då med albumnamnet "Wolf & butterfly".
Nilsen spelte rolla som dommaren The Arbiter i musikalen Chess i Oslo Spektrum 9-12. november 2006.
Nilsen er òg programleiar i Singing Bee og deltakar i Det store korslaget der koret hans, Team Åge, vann.
Han hadde lenge lyst til å lage eit musikalsk show, og enda opp med å lage eit show kalla "The show must go on" - ei hyllest til Queen. Showet hadde premiere 17. oktober 2007 i Fredrikstad. I heile 2008 turnerte Nilsen land og strand rundt med "The Show Must Go On". Det vart totalt selt rundt 60 000 billettar, og det første til å hatt 10 show på Drammens Teater som vart heilt utselt. Med seg hadde han bl.a Stian Joneid og Jonas Groth, to andre velkjende sarpingar.
9. februar 2009 sleppte Nilsen solo-plate nr 2, med namnet Glamunition.
Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- 2000: G-sten
- 2006: Wolf & butterfly
- 2009: Glamunition
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Åge Sten Nilsen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2013.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Einskildmenn
- Fødde i 1969
- Folk frå Sarpsborg
- Norske songarar
- Melodi Grand Prix-vinnarar
- Melodi Grand Prix 2004-deltakarar
- Melodi Grand Prix 2005-deltakarar
- Melodi Grand Prix 2017-deltakarar
- Melodi Grand Prix 2021-låtskrivarar
- Norske Eurovision Song Contest-deltakarar
- Eurovision Song Contest 2005-deltakarar
- Norske skodespelarar
- Allsang på grensen