Åggelby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Åggelby (finsk Oulunkylä) er ein tidlegare kommune i landskapet Nyland i Finland. Kommunen hadde 3&503&2556&2 556 innbyggjarar i 1938. Åggelby var ein tospråklig kommune med svensk som majoritetsspråk (rundt 75 % svensktalende).

Åggelby kjøpesenter Ogeli

Åggelby vart utskilt frå Helsinge i 1921 og var eigen kommune fram til 1946. Dette året vart kommunane Brändö, Haga, Hoplax og Åggelby slått saman med Helsingfors. Åggelby er no ein bydel i Helsingfors som omfattar bustadsområda Dammen, Grindbacka og Grinddal.

Åggelby ligg nord for sentrum av Helsingfors og vest for Vanda å. Området vart utbygget som eit villaområde på byrjinga av 1900-talet. På slutten av 1900-talet vart busetnaden kraftig fortetta.

Jarnbanelinja nordover frå Helsingfors sentrum går gjennom Åggelby. Nord for jernbanestasjonen til bydelen ligg Åggelby idrottspark (finsk: Oulunkylän liikuntapuisto) med kunstisbane og ishall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]